Fy fela, detta var moro!

Norsk Hardingfelesenter i samarbeid med Fjellrosa Spel og Dansarlag gjennomførte helgens program og publikum som møtte opp fikk oppleve flott spel på konsertar og sjå spelemenn kappspele i en spennande hardingfelekappleik.

En helg med fokus på Hardingfele og spel samla hardingfeleentusiaster frå heile Norge.

Fredag 20.feb fikk vi oppleve ein intimkonsert på bellmann folkemusikkpub med Nils og Gunnulf Sletta. Det ble fullt på konserten og publikum fikk nyte godt Løndals spel og gode Tuddals historier.

Laurdag 21.feb starta me med slåttekonsert spela på feler laga av nålevande felemakarar av Hauk Buen, Bernt Balchen Jr. og Ottar Kåsa. Med Torgeir Straand som ansvarleg for kulturprogrammet, delte han forteljingar om felemakare og spela slåtter på felene saman med Ottar Kåsa, Einar Øverland og Lars Ingar Mayer Fjeld.

Hardingfelekappleiken blei opna av først og yngste deltakar, nemleg Hans Torjus Gampedalen, rekrutt og 7 år. Han blei ikkje bedømt med poeng med fekk kommentar frå dommar Kjell Midtgård, Alf Tveit og Erland Tveiti. Hans Torjus fekk også ein premie for sitt spel, ein cd og dvd med Hauk Buen og sjokoladepose.

Totalt var det åtte spelemenn som kjempa om den gjeve premien på 20 000 kr. Etter vel 4 timar med mykje godt spel blei det heile avgjort med finale mellom Ottar Kåsa og Lars Ingar Mayer Fjeld. Etter eit knall godt spel frå begge, vart det Lars Ingar som stakk av med 1. premie med heile 135 poeng.

Her er resultatlista frå hardingfelekappleiken:

Finale:

  1. Lars Ingar Meyer Fjeld 135 P. (Vinnar av 20.000 kr).
  2. Ottar kåsa 134.5 p

Poengsum etter ordinær kappleik:

  1. Ottar kåsa 135 P. (Til finale)
  2. Lars Ingar Meyer fjeld 134 P. (Til finale)
  3. Torgeir Straand 132 P.
  4. Lars Erik Øygarden 114 P.
  5. Runhild heggem 113 P.
  6. Johanne flottorp 112 P.
  7. Svein Olav krontveit 97 P.
  8. Gudrun Straand 95 P.

Rekrutt (under 12 år, utan bedømming):

Hans Torjus Gampedalen, 7 år.

Sundag 22. feb vart det filmvising og forteljingar. Det vart ein fin gjeng som samlas på Brattrein Hotell, programleiar Torgeir Straand viste film og fortalte om om blant anna Hauk Buen og viste stumfilm frå 1800-talet.

Sjå saka her på Telen.no

http://www.telen.no/Legger_20_000_p__bordet_-5-75-6863.html

Lars Ingar Mayer Fjeld vinner hardingfelekapleik