Felespelar Kristiane Lund spela på nivå med dei aller største i samtida, til sundag 19.april kan du oppleve eit portrettprogram om pioneren Kristiane Lund.

Evju bygdetun, sundag 19. april 2015

Kl 15.00: Portrett av «Tulla», Kristiane Lund.
Junior felespelar Jenny, Ida, Sunniva, Audun, Marie og Tonje frå Bø juniorspelemannslag saman med Johannes Sundsvalen opnar. Hallvard T. Bjørgum og Johannes Sundsvalen spelar og presenterer arkivopptak med Kristiane Lund. Intervju med Arvid Sperrud, Nils Flatland og Kjetil Straume, som fortel om deira sanarbeid med den legendariske dama. Arkivopptak med Kristiane Lund v/ Hallvard T. Bjørgum. Programleiar er Torgeir Straand.

Felespelar Kristiane Lund var den fyrste kvinna i Norge som måtte nasjonal kjendisstatus som utøvar på hardingfele. Hennar Innspelingar frå 1911 vitnar om at ho var spela på nivå med dei aller største i samtida. Ho deltok på kappleikar, som utøvar og seinare bak dommarbordet. Ho kjempa for bunadstradisjonen, og var aktiv i etableringa av Spelemannslaget Bøheringen, Bø dansarring og Nes Nasjonale dansarring. Som kvinne med hardingfele måtte ho bryte ned mange tabu, og ho gjorde det mogleg for fleire kvinner å spela seinare.

Me håpar både store og små, gjerne heile familien blir med denne dagen. Det vil bli salg av mat og annet godt, vel møtt.

Billettar: Voksen: Kr 250,-, Barn: Gratis
Arrangør: Norsk Hardingfelesenter AS i samarbeid Evju bygdetun, Bø Juniorspelemannslag og Telemark Fylke

Norsk Hardingfelesenter er 100% eigd av Bø kommune, kommunen med tre hardingfeler i kommunevåpenet. Selskapet skal, med utgangspunkt i den sterke hardingfelehistoria i Bø, ha som sitt formål å løfte fram hardingfela, og forvalte og utvikle den levende tradisjonen som hardingfela representerer. Dette skal skje gjennom informasjon om og formidling av felemakarverksemda, instrumentet og spelet overfor ulike målgrupper lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Selskapet skal utøve si verksemd gjennom oppdragsavtaler med profesjonelle aktørar, og skal på den måten styrke grunnlaget for utøvarar og næringsaktørar som etablerer seg på dette feltet i regionen.