Telemark Technologies i samarbeid med Norsk Hardingfelesenter og Notodden Bluesfestival vidrefører samarbeidet mellom kultur og næringsliv, blues og folkemusikk.

NORSK HARDINGFELESENTER
I SAMARBEID MED NOTODDEN BLUESFESTIVAL OG TELEMARK TECHNOLOGIES PRESENTERER

TINNEMANNEN OG LARS FYKERUD – MED BLÅ TONAR I SLÅTTANE

Fredag 31. juli 2015 kl. 12:00, Folk & Blues Stage, Notodden Bluesfestival

Mattis Kleppen spelar hardingfeleslåttane på gitar i bluestradisjon. Spelemennene Ottar Kåsa, Torgeir Straand og unge lokale felespelarar framfører dei originale slåttane frå Notodden. Anna Gravir Klykken syng med blå tonar i folkemusikken saman med dei andre karane.

bluesen banner nhfs

Tinnemannen var lensmann i Heddal, og leia bondeopprøret i Heddal. Da bøndene og hæren skulle slutte fred retta han fram handa si til forlik. Ein soldat trekte sabelen og hogg av handa til Tinnemannen. Segna fortel at han sette armstubben i grua og brende att blodårene så han slapp å blø i hjel. Da song han slåtten som har blitt kalla Tinnemannen for å døyve smertene. Ein parallell til bluesens histore.

I 1880-åra arrangerte O.H. Holta og H. H. Borgen turne for Lars Fykerud i USA. Det blei flittig rapportert i Varden, og Fykeruden var så populær at han spela inn 2400 dollars på ein konsert, over ein million kroner omrekna til dagens pengeverdi. «Men en dag fantest der enn mer død enn levende Lars Fykerud attmed et jernbanespor i North Dakota. Han hadde mistet sin formue og i tillegg fått tæring», rapporterte Borgen. På vegen heim blei den såre slåtten «Lars Fykeruds farvel til Amerika» laga. Det handlar om musikk til og frå Notodden og Amerika. Om medisin i musikken.

Sjå program http://bluesfest.no/fredag/

Kjøp billettar http://www.billettservice.no/artist/notodden-blues-festival-billetter/370303