Dyrsku’n har i generasjonar vore ein arena for framvising av folkekulturen. I år er det også invitert til folkemusikk og dans på hovudscena. Rekrutteringa er god til Norsk Hardingfelesenters arrangement dyrskufredagen

Programmet «Ny generasjon unge folkemusikarar og dansarar frå Telemark» blir leia av Torgeir Straand 11. september under Dyrsku’n.

– Denne framsyninga må du få med deg. Da vil du bli glad over å sjå korleis det står til med rekrutteringa, seier Straand.

Meisterspelemennene Torkjell Haugerud, Hans Smeland og Eivind Mo budde til sine tider som tre spelemannsnaboar etter kvarandre på Nordgarden i Seljord.

– Me vil få høyre spel etter dei. Ragnar Haugstøl kved Dyrskuvisa, seier Straand.

Scena vil bli fylt med unge artistar frå Gransherad, Vinje, Seljord, Bø og Tinn. Sprekingar dansar halling, ungar kved og spelar fele. Godt kjende utøvarar i lag med dei unge.

– Dette er vidareføring av tradisjon med friske fråspark, seier Straand.

Mari Moen og Bjønn Raftevold Rue dansar, medan Per Anders Buen Garnås, Øystein Romtveit og Straand sjølv speler hardingfele.

Arrangementet syner den store innsatsen som er lagt ned for å vise fram folkemusikken i Telemark til eit større publikum.

– Det er viktig og positivt at folkemusikken er synleg på Dyrsku’n. Norsk Hardingfelesenter viser på denne måten fram den gode rekrutteringa innan fele, dans og kveding, seier Straand.

Stad: Hovudscena, Dyrsku’n

Tidspunkt: Klokka 17.00, fredag 11. september