Bøkappleiken 2016 fokuserer på dei som driv hardingfeleopplæring i Telemark i år 2016. Knut Myrann kjem frå Nesbyen til Bø for å presentere den nye CD’en sin, og i eit portrettprogram fortelja om å bli spelemann.
Det har han bruka livet sitt på å bli, og det har gjort Knut til den han er i dag. Knut er den einaste spelemannen på nasjonalt toppnivå som framleis er aktiv som spelemann, i ein alder av 84 år!
Kunt har opplevd å gå til fots frå Numedal til Telemark for å vera med på kappleik og lære slåttar. Ei heilt anna tid, utan CD og kommunale musikkskular. Da kunne det vera vanskeleg å få tak i slåttar, og læresveinen måtte oppsøkje læremeisteren direkte. Som fyrstehands kjede er han unik. Det gjeld så vel slåttar som sogene om spele og utøvarar. Tenk, han har lært slåttar direkte av kjelder som Torkjell Haugerud og Johannes Dahle!
Sist me hadde glede av å ha Knut på eit arrangement i Bø, var den 3. september, da han fortalde frå spleferder i USA i høve 200-årsjubileumsdagen for felemakaren Erik Johnsen Helland. Og tidlegare i år har det konsert og CD-lansering i Kulturhuset Banken, Nesbyen 5. juni 2016. Knut har møtt opp på tallause arrangement å delta i frivillig folkemusikkarbeid, lære slåttar og lære frå seg. Hyggeleg framferd og positiv, respektfull haldning til tradisjonsberar og dei unge er hans varemerkje. Han framhevar andre, ikkje seg sjølv. Det treng han heller ikkje: Alle fyrstepremiar og kulturprisar fortel sjølv. Landskappleiken har han vunne to gonger i klasse A, og han blei noregsmeister i gammaldansmusikk med gruppa si «Knut Halvards». Konsertar frå Taiwan i aust til USA i vest har gjort han kjent i vide kretsar.
Fyrste landskappleiken eg høyrde var i Bø i 1988. Knut vann klassa for nyskaping med den sjølvlaga gangaren «Pål Løytnantsdrengs minne». Ein nabo av meg spela oppatt og oppatt slåtten i NRK-opptak. Da eg seinare skulle lære ein slått etter Pål Løytnantsdreg, minte slåtten om Knut, utan å ha same melodien. Eg trur godt at Løyntnantsdrengen kunne ha spela dette, om han hadde kome på det. Knut har laga fleire slåttar. At andre spelar slåttane hans er eit kvalitetsmerkje på komponisten Knut. Eit døme på at å lære speltradisjon er meir enn å lære melodiar på hardingfela.
Knut har tileigna seg slåttar frå fleire tradisjonar, og spelferder til slåttekjeder har vore ein viktig del av det å leva. Han lærte dei fyrste bogedraga av morfaren Knut Stordokk. Steingrim Haukjem blei den viktigaste læremeisteren heime i Numedal. Storebror Toralv Myrann hadde Opel og førarkort, og kjente godt storspelemennene i Telemark og landet ellers. Broren køyrde. Knut spela og lærte. Straks var han i toppen på kappleikane. Blant dagens spelemenn er det få som har lært like mykje av Johannes Dahle, Torkjell Haugerud, Gjermund Haugen, Eivind Mo, Sigbjørn B. Osa, Rikard Gøytil, Anders Kjerland, Kristiane Lund og Høye Kvåle, for å nemne nokre legendariske. Dette vil han fortelja om under programmet på Sandvin i Bø, ei scene der han har deltatt som spelemann på mange kappleikar gjennom fleire generasjonar.
Eg var så heldig å bli kjent med Knut da han besøkte Anund Roheim i Bø. Eg hugsar kor godt i stand toppfelene hans var, korleis Knut fekk Roheim’en til å spela det beste han kunne. Vidare kor sjølvkritisk Knut var til eiga framføring, om han hadde topplasseringar frå kappleikar same året. Han har alltid stilt opp med rettleiing og stor dugnadsinnsats for rekrutteringsarbeid og lagsarbeid. Landslaget for Spelemenn utnemnte han til heidersmedlem i 1999. Knut har hjelpt mange av oss i oppstartsfasen med inspirasjon og rettleiing. Han har hatt ei rekkje styreverv, vore kappleiksdommar og drive spelopplæring, nasjonalt og lokalt. Fela er sjølve livet for Knut.
Knut er heldigvis mykje i Telemark. Han er gift med Evelyn frå Lunde. Dei møttes der da Knut gjekk på yrkesskulen. Stæren kjem hit om våren, Knut om sommaren og når det er kappleik!
Da me skulle lage ein presentasjon av nye CD’ar å lære av i 2016, var eit portrett av Knut naturleg å trekke fram. Meir inforamasjon kan del lesa på vedlagte programplakat.
Bø i Telemark, november 2016
Torgeir Straand
Norsk hardingfelesenter /Bøkappleiken 2016
www.fela.no
tlf. 90657267