Norsk Hardingfelesenter arrangerer saman med Norsk Eplefest konsert i Nes kyrkje 27. september.

Meisterspelemannen Johannes Sundsvalen vil behage øyro til dei frammøtte. Etterpå ber turen til fots mot Gvarv sentrum, som byr på marknad og aktivitetar.

– Det er veldig god akustikk i Nes kyrkje. Dessutan er det fint der, seier Sundsvalen.

Ein gong gjekk han heilt til topps i Landskappleiken. I tillegg har han vunne mange lokale og regionale kappleikar. Nå lærer han bogekunsten vidare til unge og håpefulle talent.

– Kva skal du spele i kyrkja denne fruktbare laurdagen?

– Det er eg ikkje heilt sikker på ennå, men det blir både noko aleine og noko saman med organisten.

Sundsvalen fortel at det har blitt ein del speling på han i Nes kyrkje. Han har jo heldt på i lang tid. Det er ikkje fyrste gong han speler på Eplefesten heller. Spelemannen meiner arrangementet er bra for marknadsføringa av Sauherad som ein fruktstad.

Norsk Eplefest er blitt eit viktig arrangement i Sauherad etter det blei arrangert for fyrste gong i 2006. I år er det spelemann Torgeir Straand som står for opninga. Norsk Eplefest har bidrege sterkt til å styrke Sauherads profil som fruktkommune og gjere folk stolte av bygda si, og er blitt ein svært viktig arena for kulturkommunen Sauherad.

– Finst det nokon eple-slått,?

– Nei, ikkje her omkring i alle fall. Veit ikkje korleis det ligg an i Hardanger. Der fekk eg noko å tenke på, avsluttar Sundsvalen.

 

FOTO: IVAR SOLBU