«Olaf G. Helland og felemakarkunst i Telemark fram til 1960-årene»

Kjell Chr. Midtgaard
Kr 399,- porto kommer i tillegg.
Olaf G. Helland har det på seg å vere Noregs beste felemakar. Fødd og oppvaksen i Bø i Telemark flytta han til Notodden og starta felemakarverkstad der på slutten av 1800-talet. Fram til han døyde like etter 2. verdskrig var han ein aktiv felemakar. God klang, reinstemt og jamn over heile toneregisteret er ord som skildrar Hellands feler. Fyrsteklasses handtverk som er smykke for auget. Ei komplett pakke med andre ord. Kjell Christian Midtgaard gav i november ut boka «Olaf G. Helland og felemakarkunst i Telemark fram til 1960-årene».

Forfattaren, Kjell Chr. Midtgaard, er spelemann med mangeårig interesse for hardingfela som instrument og som kulturobjekt. Han har vore dommar på feleutstillingar ein rekke gonger og har tidlegare skrive artiklar om instrumentbedømming. Han gav i 1997 ut boka «Gunnar Røstad. Hardingfelemakaren» om fiolinmakarmiljøet i Christiania, kor Gunnar Røstad var den fremste representanten. Denne boka er ei oppfølging av boka frå den gong og omhandlar ein annan og like viktig del av felemakeriet her i landet – den som har funne stad i Telemark over dei siste par hundre år, ført fram til 1960-talet. Det er ein epoke som var heilt sentral i felemakeriet i Noreg. Og den mest sentrale i denne var felemakaren Olaf G. Helland (1875-1946).

 

spel og dans

«Spel og dans. Folkemusikk og dans i Telemark»

Redaksjon: Halvard Kaasa (redaktør), Øyvind Gulliksen, Gerhard Hedland, Arne Pettersen og Tore Bjørn Pettersen.
Kr 250,- porto kommer i tillegg.

Praktbok som samlar kunnskapen om folkemusikken, kvedinga, bygdedansen og bunadane våre. Samstundes blir stoffet sett inn i ein historisk samanheng. Boka er rikt illustrert av Bø trykk i samarbeid med Telemark fylkeslag for folkemusikk og dans, og Telemark historielag.

 

spel og dans

«Myllarguten Gibøen»

Forfattar: Rikard Berge.
Kr 250,- porto kommer i tillegg.

– Um norske spelemenn hev her vori lite skrivi, og folk veit lite om deim. Eg sette meg for aa samle tilfang til ei norsk spelemanns-sogu, og eg hev haldi paa med de i mange aar. Men daa de er eit arbeid som femner vidt og krev ei lang samlar-tid, so tenkte eg eg vilde gjeva ut noko av tilfange fyrst. Eg valde daa Myllarguten. Han er no liksom hovudmannen i spelemann-kunsti, han, og den einaste landskjende bondespelemannen her hev vori, skreiv Rikard Berge om si eiga bok.

spel og dans

«Flatland-spelet – arven etter Myllarguten»

Forfattar Asbjørn Storesund.
Kr 250,- porto kommer i tillegg.

I 2012 var det 200 år sidan den eldste av Flatland-spelemennene blei fødd. Flatland-spelet er av mange rekna som den mest sentrale vidareføringa Myllargutens spel. Du finn det me veit om samla i denne boka. Hans Flatland d.e. og sønene Olav Flatland, Vesle-Hans Flatland og Halvor Flatland. Men fyrst er det ein gjennomgang av det me trur karakteriserte Myllargutens spelteknikk og særtrekka hans som slåtteskapar. Spelemenn frå Øvre Telemark, som også hadde verdifullt myllarspel, er omtalt for å få fram ein heilskap. Halvor Flatlands rolle som tradisjonsberar går fram gjennom dei som lærte av han. Det er difor lagt vekt på å få med opplysingar om spelemenn som Halvor Jørgensen Lie, Torkjell Haugerud, Olav Evju og fleire, som førte dette spelet fram mot vår tid. Dei fleste av det me reknar som typiske av Flatland-slåttar er omtalt.