Felemakarane i Bø

I over 200 år har det vore tradisjon i Bø i Telemark og lage og utarbeide feler. Helland/Steintjønndalen- slekta frå Bø er ei av Norges eldste felemakarslekter og har hatt en stor betydning for hardingfelas utvikling. Den moderne hardingfela blei skapt i Bø av Erik Johnsen Helland midt på 1800-talet.

I dag driv spelemann og felemakar Ottar Kåsa eige firma med felelmakarverkstad i Bø. Ottar er en dyktig felemakar som gjer det svært godt, han har mellom anna Helland som sitt store forbilde.

Felemakarane i Bø av Asbjørn Storesund:

«Etter Myllarguten blei det meir vanleg at spelemennene spela i større lokale. Da var det behov for feler med kraftigare tone. Denne moderniseringa blei gjort av Helland/Steintjønndalen-felemakarane i Bø. Erik Johnsen Helland hadde også planar om å utvide felemakarverksemda til å omfatte andre strykeinstrument (fiolinar og celli) for bymarknaden, og han hadde ei tid verkstadar både i Bø, Horten og Kristiania med sikte på ei familiebedrift. Han såg at han trong ein større marknad, ikkje minst fordi pietismen i Telemark i desse åra var eit trugsmål mot hardingfelemakeriet og felespelet i det heile.

Særleg vanskeleg var det i Vest-Telemark, der vekkinga i Vrådal øydela mykje av det som fanst av feler. Leiar for vekkinga, Gunhild Sveinsdotter Veamyrane (1837–1885), fekk omvendt ein lokal felemakar til å brenne alle felene sine, og ho møtte fram i danselag, tok fela frå spelemannen, la den på golvet og trødde den sund.

Erik Johnsens planar om ei vidareutvikling av felemakeriet i Bø blei likevel avvikla, da Erik døydde alt i 1868. Men han og broren Eilev Johnsen Steintjønndalen (1821–1876) grunnla eit familiedynasti av felemakarar som fekk same rolla for hardingfela i Noreg som fiolinmakarane i Cremona i Italia fekk for utviklinga av den europeiske fiolinen.

Bø blei eit senter for hardingfelespelet i Telemark på 1800-talet ved at dei beste felemakarane og dei svært gode spelemennene i Flatland-slekta heldt til i eit område med bare nokre kilometer i avstand frå kvarandre.»

Kjelde: Hardingfelemusikken i Telemark gjennom 200 år 

Utdrag av Asbjørn Storesund: Todelt musikkliv – bygdemusikk og bymusikk, I. Telemark historie 2. Fagbokforlaget 2014