Fredag 6. november til sundag 8. november hyllar Norsk hardingfelesenter felemakarmeisteren Olaf G. Helland. Det heile startar med 140-årsjubileumsfest på Sandvin i Bø fredag klokka 20.00. Spelemennene Lars-Ingar Meyer Fjeld, Leif Rygg, Øyvind Vabø, Gunnar Stubseid, Tor Hoslemo, Mads Kuraas, Johannes Sundsvalen, Svein Olav Krontveit og Alf Tveit stiller med eigne Olaf G. Hellland-feler. Unge dansarar frå Gransherad bidreg. Det blir også stilt ut mange Olaf G. Helland-feler timen før konserten. Ta med din du også, om du har ei fin Olaf G. Helland-fele å vise fram. Etter konserten blir det lansering av praktbok om jubilanten. Den er skrive av Kjell Chr. Midgaard.
Laurdag 7. november klokka 12.00 startar programmet om felemakaren Olaf. G. Helland og hans virke som felemakar, ved forfattar Kjell Chr. Midgård, Torgeir Straand og andre spelemenn.
Klokka 13.00 blir det Bø-kappleik, fylkeskappleik om kappspel og myllargutmedaljer i sølv og gull.
Laurdag kveld blir det fest og dans. Påmeldingsfrist klokka 15.00 same dag. Dette kostar 150 kroner.
Sundag 8. november er blir det spel på Helland-feler under gudstenesta i Bø kyrkje- Fyrste gong det blei spela hardingfele i Bø kyrkje var nettopp på ei fele laga av Olaf G. Helland, da ved Gjermund Haugen i 1950-åra. Det er spelemannslaget Bøheringen, Bø dansarring, Bø juniorspelemannslag og Bø ungdomslag som arrangerer konserten, boklanseringa og portrettprogrammet i samarbeid med Norsk hardingfelesenter.
Velkomen til Helland-helg i Bø!