Fy fela for ei flott hardingfelehelg med fullt hus heile helga med heile 130 besøkende. Det blei ei minnerik helg for alle dei som blei med på arrangementet.
Varaordførar Åslaug Sem-Jacobsen opna helga med flotte ord om folkemusikk tradisjonane i Notodden og Telemark. Me er heldig som har en varaordfører som er sterkt interessert i å ta vare på og styrke folkemusikkmiljøet i Telemark.
Vidare blei det arrangert ei oppvarming før Tuddals spel med ein folkemusikkquiz eller folkemusikkspørsmål som Knut Buen meinte var meir forståeleg i folkemusikkmiljøet. Torgeir Straand var programleiar og drog i gang med ein rekke gode spørsmål.

Så var det klart for Tuddals spel med John Bondal, Gunnulf Sletta og Nils Sletta. Knut Buen gav ein flott introduksjon til Tuddals trekløveren. Det kom så mange feleentusiaster frå heile Telemark at me måtte nesten stable i høgda for å få plass til alle på Brattrein Bar. Det blei to unike timar med gode historia og mykje godt spel. Ein minneverdig konsert. Etter konserten blei det felespel og moro til langt på natt.

Laurdagen var det klart for Hardingfela i fotografiet, her fekk publikum sjå bildar frå samlinga til Knut Utler og Balchen. Det blei vist 250 bildar i ein lysbildesamling dei eldste bilda var frå 50-tallet og frem til i dag. Etter fotoframvising blei det foredrag frå Midtgaard med mykje bildestoff om felemakarkunst som ga publikum mersmak.

Kl. 14.00 var hardingfelekappleiken igang. Det starta med rekruttklassa vor det var to tøffe rekruttar som stilte opp. Hans Torjus Gampedalen og Sunniva Langås-Røiland vant begge den gjeve premien som var to speletimar og tur opp til sjølvaste Knut Buen.
Etter rekruttklassa var det seniorane sin tur til å kjempe om den store pengesummen, nytt i år gjekk me for ei publikums bedømming. Dette fordi me meinte at dette ga kappleiken ein morosam vri. Det blei ein svært spennande kappleik med eit utrolig flott omspel av Lars-Ingar Mayer Fjeld og Torgeir Straand.

Tusen takk til alle som tok turen og ville sjå og høyre meir om hardingfela.
Me gleder oss allereie til neste år, og da vil me være flinkare til å være litt tidlegare ute med tider og program.

Resultat frå hardingfelekappleiken på Brattrein:


Klasse Rekrutt:
Sunniva Langås-Røiland og Hans Torjus Gampedalen vann tur med Torgeir Straand til Knut Buen.
Klasse senior, vinnar kåra etter publikumsdøming:
Lars-Ingar Meyer Fjeld og Torgeir Straand, lik poengsum etter publikumsdøming.
Bare vinnaren fekk rangering. Dei andre som deltok var (i alfabetisk rekkefølgje):
Birgit Haukås, Gudrun Straand, Tone Anne Tveiten, Lars Erik S. Øygarden.

Omspel om kr 10.000,- med publikumsdøming:
1. Torgeir Straand
2. Lars-Ingar Meyer Fjeld