Tradisjon og historie

Hardingfela er ikkje berre lyd og musikk, men også kultur, historie, handtverk og folk som likar spel på hardingfele.

Felemakeri og spel på hardingfele har tradisjon og røter i meir enn 200 år i Bø i Telemark. I Bø har det vore stor vekst og nyskaping innanfor felemakarhandverk og utøving av hardingfelespel frå 1800-talet og fram til i dag.

Felemakarane i Bø

I over 200 år har det vore tradisjon i Bø i Telemark å lage og utarbeide feler. I dag driv felemakar og spelemann Ottar Kåsa sin eigen felemakarverkstad i Bø. Dei tre felene i kommunevåpenet til Bø er mykje på grunn av felemakarane i Helland/Steintjønndalen-ætta. Verdas største felemakarslekt, med heile fjorten felemakarar i fleire generasjonar.

Felespelet

I 200 år har det vore stor aktivitet omkrig hardingfela i Bø i Telemark.