20.-21. mai arrangerer vi hardingfelehelg, i år vil vi lage ei utstilling der fotograf Knut Utler og Balchen sine foto blir presentert. Der lanseringskonserten vil kunne la utøvarar spela slåttar som passar til bilda og intervjue fotografane og andre som har verdifull informasjon om både tekst og kontekst. Fotograf Knut Utler er den fotografen som i vår tid har den største fotodokumentasjonen av folkemusikkmiljøet. Og nå har han også starta på eit samarbeid med Balchen om å ta vare på den fotosamlinga i tillegg.

HARDINGFELEHELG 20. – 21. mai, Brattrein Hotell

Hardingfela i fotografiet, fotoutstilling presentert av Knut Utler

Dato: 21.mai 
Kl: 11.000
Sted: Brattrein Hotell, Notodden

Litt meir historikk
Ein viktig del av kunnskapen om hardingfeletradisjonen kjem faktisk gjenom fotografiet. Fotografiet fortel om instrumentet, utøvarar, arenaer og seier mykje om korleis, når og av kven instrumentet har blitt brukt. Som døme kan nemnast av me ikkje har bilete av Haavard Gibøen, medan me har bilete av Myllarguten. Rikard Berge skreiv biografi om båe to, og vi vil våge den påstanden at fotografi av Myllarguten har vore med på å formidle hans tradison og interesse for denne.

Mellom av dei spelemenn som tok bilete frå hardingfelemiljøet i åra etter krigen må mellom fleire andre nemnast Jens A. Myro og Bernt Balchen jr.. Ein del av bileta til Myro blei gjevne ut i bokform for nokre år sidan, noko som har gitt viktige tidsbilete frå miljøet. Det bør gjerast noko tilsvarande med ein del av Balchen sine bilete, og det medan fotografen er i live og i tillegg kan fortelja om situasjonanen der fotografia blei tatt, kven som er på bilda og til og med kva som blei spela av slåttar.