Laurdag 12. mars, kl 13:00 og kl 15.15 er det klart for Sauheraddagane på Gvarv.

Me gjentar suksessen frå i fjor med dei unge i fokus. I år har me eit nytt program med eit knippe yngre utøvarar frå Bø som alle har sauheringen Johannes Sundsvalen som lærar. Juniorkonserten blir på Kjernehuset i Gvarv laurdag 12. mars kl 13:00 og kl 15.15 blir konserten med dei eldre juniorane. Gunn Kristin Leikvoll og Gudrun Straand leiar programmet som er eit samarbeid mellom Sauherad kommue og Norsk hardingfelesenter.

Gratis Inngang. Vel møtt!