11.-12.november er me klare for Bøkappleiken 2016 på Sandvin.

Bøkappleiken 2016 på Sandvin

Fredag 11. november kl. 20.00. Bill. kr 200,-

Dei driv hardingfeleopplæring i Telemark i 2016:
Johannes Sundsvalen, Torunn Raftevold Rue, Ragnhild Knudsen,
Lars Ingar Meyer Fjeld, Lars Erik Øygarden, Eli Taugbøl, Gudrun Straand, Annika Westgård og Tone Anne Tveiten. Samspel med juniorar.
Arnhild Brennesvik dansar med eitt eller fleire følgje.

Laurdag 12. november kl. 12.00:
Knut Myrann med ny CD. Felespel og intervju om spelferder i Telemark i gjennom generasjonar i samtale med T. Straand.

13.00: Bøkappleiken
Påmeldingsfrist kl 15. Kr 150,-
Rabatt for juniorar: Kr 100,- for fyrste deltaking, så kr 50,- for kvar ny deltaking.
Juniorar betalar kr. 100,- for lagspel og lagdans.

Arr.: Sp.ml. Bøheringen, Bø dansarring, Bø jr.spelemannslag og Bø U.L.
Konserten i samarbeid med Norsk hardingfelesenter.

 

Bøkappleiken 2016 handlar om hardingfeleopplæring i Telemark. Konserten fredag kveld presenterer dei som driv hardingfeleopplæring i musikkskulane i Telemark anno 2016: Johannes Sundsvalen (Bø/Suaherad), Torunn Raftevold Rue (Seljord), Ragnhild Knudsen(Seljord), Lars Ingar Meyer Fjeld (Bø, Tinn), Lars Erik Øygarden (Vinje/Rauland), Eli Taugbøl (Kviteseid), Gudrun Straand (Notodden, Gransherad), Annika Westgård (Kragerø, Drangedal) og Tone Anne Tveiten (Gransherad). Samspel med juniorar.

Arnhild Brennesvik dansar med eitt eller fleire følgje. Saman med Harald Omnes her ho sentral i arbeidet med årets nykommar: Juiordansegruppa i Nes Nasjonale Dansarring. Programmet opnar med at fleire juniorar spelear Pizzavalsen, ein slått av nyare dato som nettopp blei laga på eit felekurs.

 

Kveldens heidersgjest er Johannes Sundsvalen nå i år går av med pensjon. Han har drive hardingfeleopplæring i fleire kommunar i Telemark i 100% stilling i om lag ein generasjon. Han har hatt meir enn 100 elevar, og nokre av dei har markert seg i nasjonal samanheng. Elevar og tidlegare elevar av Johannes har vore representert og vunne mange av  hardingfeleklassene på Lanskappleiken: Hardingfele klasse C, Gruppespel Junior, Lagspel junior, Klasse B og Klasse A. Det seiest om Johannes at han er like flik lærar for ein nybyrjar som ein erfaren felespelar. Alle dei eldsjelene som driv hardingfeleopplæring i Telemark er eldsjeler, og dei er bindeledd mellom nåtid, fortid og framtid i spel.

 

Laurdag er det program med Knut Myrann, som har ny CD i 2016, og som i fleire år har kome til Telemark. I unge år til fots og med bil for å lære direkte av Torkjell Haugerud, Johannes Dahle, Anund Roheim, Gjermund Haugen m.fl. Seinare har kan kome tallause gonger til Bø for å inspirere neste generasjon. Han er den einaste toppspelemann i norsk samanheng som blei fødd i ei tid da det var vanleg å gå på kappleik. Han vil fortelja om hardingfeleopplæring i ei tid da ein måtte oppsøkje spelemenn direkte, og slåttane ikkje var så lett tilgjengelige som i dag.

 

Etter programmet er det kappleik i spel, dans og kveding på Sandvin ungdomshus. Den første kappleiken i landet blei arrangert på Grivi i 1888, som eit ledd i å auke interessa rundt hardingfela. På same tid blei det tatt intitiativ til organisert hardingfeleopplæring på Borgja i Bø. Lars Fykerud og Halvor Flatland var lærekrefter. Seiare kom spelemannslaga med opplæring som føremål. Spelemannslaget Bøheringen blei stifta i 1930. På 1970-talet arbeidde Olav Fjalestad og Jon Stuvøy hardt for å få på plass hardingfeleopplæring i offentleg regi. Så kom musikkskulane og juniorspelemannslaga. Bø juniorspelemannslag blei stifta av Heidi Løvlund i 1989.

 

Me inviterer alle som meiner dette er vikitg til å koma til Bø på kappleikshelg i opplæringa sitt teikn.

 

Vel møtt!

Helsing arrangørane.