Også i år ønskjer me velkommen til ein triveleg samankomst med felespel soger og tradisjonsmat på Evju bygdetun.

Knut Buen spelar slåttar i lokal tradisjon frå Sauherad og området rundt. Mellom anna slåttar etter Olav Evju, Gunleik Kåsa med. fl.
Knut møtte dess spelemennene, og han er eit bideledd mellom deira tradison og vår tid. Nils Flatland har bruka mykje av livet sitt til å ta vare på gamle tradisjonar og formidling av desse.
Me gler oss til å treffe desse karane som gjer så mykje for å framheve gamle kjelder og deira tradisjon.
Folka på Evju bygdetun med Jorid Vale i spissen stiller med ope utstilling, triveleg atomsfære og tradisonsmat før konserten.

Det er i seg sjølv ei oppleving å høyre og sjå Nils Flatland og Knut Buen i sitt rette element på Evju-tunet.

 

Program:
EVJU- OG LOKAL MYLLAGUTTRADISJON FRÅ NES OG SAUHERAD
med spelemann Knut Buen og Nils Flatland.
Programleiar Torgeir Straand.

EVJU BYGDETUN SUNDAG 24. APRIL
Kl 1400: Open utstilling og sal av rjomegraut og kaffimat
Kl 1500: Konsert i evjutradisjon

Inngang 200,- kr.

Helsing arrangørane
For Evju bygdetun, Jorid Vale
For Norsk hardingfelesenter, Anne Marte Sperre