«Soger og tonar på telemarksfeler» – Knut Buen spelar og fortel i Rambergstugo på Heddal bygdetun onsdag 8. juli kl 17.00. Møt fram i god tid, for å få plass i det intime konsertlokalet. Torgeir Straand og unge felespelarar opnar  konserten. Sal av tradisjonsmat på frå kl 16.00.

Norsk Industriarbeidermuseum arrangerer onsdagsarrangement på Heddal bygdetun i heile sommar, det er sjøvaste Knut Buen som startar karusellen. Denne konserten er eit samarbeid med Norsk Hardingfelesenter. Nemninga «Telemarksfeler» blei innført av konservator Rikard Berge, som fortel soga frå felemakar Karl Rue via Olav Gullbekk fram mot Helland-familien. Altså utviklinga av instrumentet i Telemark frå seint 1700-tal fram mot midten av 1800-talet. Hardingfelespel i gamle stoger gir ei ramme om formidlinga som er verdt å få med seg.Heddal Bygdetun opnar også årets sommarutstilling som viser korleis beltestakken har endra seg opp gjennom åra fram til i dag.

Her kan du sjå mykje fint og lære om endringa stakken har vore igjennom frå gamledagar til 2015.

Altså: Kom på heddal bygdetun, gi felespel med Knut Buen til øyre og sjel. Spander tradisjonsmat så smakslaukane får sitt, og sjå beltestakk og spel i gamle stover. Vel møtt!

Fri inngang.