Bø museum ønskjer velkommen til konsert og foredrag på Pakkbua. Spelemennene Kjell Midgård, Ottar Kåsa, Johannes Sundsvalen, Trond Villa og Asbjørn Storesund vil gje eit program knytt til Midtgaard si nyleg utgjevne bok.

«Olaf G. Helland og felemakerkunst i Telemark fram til 1960-årene» er eit omfattande arbeid som tidlegare er omtalt på fela.no. Ottar Kåsa er toppspelemann og felemakar, og har dei beste føresetnader for å uttale seg i saka, og framstille denne med både spel og felemakarfaglege opplysningar. Johannes Sundsvalen er nestor i hardingfeleopplæringa i Telemark, og har bruka Olaf G. Hellandfele i fleire av sine store stunder på konsert- eller kappleikscena. Ein av Johannes sin læremiesterar, Gjermund Haugen, vann heile 8 landskappleikar, og spela på feler laga av Olaf G. Helland. Trond Villa er medlem i Telemark kammerorkester og har deltatt med fele på ei rekkje planteinnspelingar, m.a. på mange av platene til Øystein Sunde. Olaf G. Helland laga også fiolinar, bratsjar og celloar, og Trond er blant våre gode fagpersonar i så måte. Han spelar også hardingfele, og kan såleis demonstrerere på ein breid basis av kunnkap om spel på slike strykeinstrument. Asbjørn Storesund er primus motor for feleusttillinga ved Bø museum, og har skrive ei rekkje arktiklar i bøker og tidsskrifter som om handlar Helland-Steintjønndalen og tradisjonen rundt desse. Asbjørn har samla store mender lokalhistorie frå felemiljøet i Bø, og evnar å gjer dette om til boklege utgjevingar.

Det er høve til å kjøpe boka og få den signert frå forfattaraen.