Laurdag 18. April skal Torgeir Straand med andre kjende spelemenn ta deg med på ei vandring på Bøhaugen, du får høyre «Stubbar om Helland-kubbar» på kulturhistorisk vandringa og det heile avsluttas med ein hardingfelekonsert av Leif Rygg og Gunnar Stubseid.
Bøhaugen og Bø Hotell, laurdag 18. april 2015
Kl 14.00: Vandring på Bøhaugen: Kulturhistorisk vandring innom Grauteknapp, Nordbø og Bøhaugen. Torgeir Straand, Leif Rygg, Gunnar Stubseid, Hallvard T. Bjørgum og Nils Flatland fortel soger om personar som budde rundt Bøhaugen og som har sett sitt viktige preg på hardingfeletradisjonen. Svært mange spelemenn, kulturpersonar og felemakar er gravlagt på Bøhaugen. Det blir fortalt om m.a. Gunnulf Borgen, Helland-felemakarane, Kristiane Lund, Gunnulf og Gregar Nordbø, Halvor Flatland, Gregar Kåsine m.fl. Gratis for alle.
Kl 20.00: Hardingfelekonsert på Bø Hotell med Leif Rygg og Gunnar Stubseid. Dei fortel om slåtttar, soger og Helland-feler. Inngang 250 kr.Sosialt samvær etter konserten.
Hardingfeletradisjonen er av natur uløyseleg knytt til miljøet som bar han fram. Slåttesoger er ofte knytt til konkrete stader og personar. Mange livssoger er representert ved gamle støtter på Bøhaugen, og desse har stor nasjonal verdi innan hardingfelesoga. Helland-Steintjønndalen er verdas største felemakarætt med heile 14 felemakarar. Slåttar, soger, spel og feler heng saman med lokale personar og hendingar. Vel møtt!
Arrangør: Norsk Hardingfelesenter i samarbeid med Bø Hotell og Spelemannslaget Bøheringen.
Norsk Hardingfelesenter er 100% eigd av Bø kommune, kommunen med tre hardingfeler i kommunevåpenet.
Selskapet skal, med utgangspunkt i den sterke hardingfelehistoria i Bø, ha som sitt formål å løfte fram hardingfela, og forvalte og utvikle den levende tradisjonen som hardingfela representerer. Dette skal skje gjennom informasjon om og formidling av felemakarverksemda, instrumentet og spelet overfor ulike målgrupper lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Selskapet skal utøve si verksemd gjennom oppdragsavtaler med profesjonelle aktørar, og skal på den måten styrke grunnlaget for utøvarar og næringsaktørar som etablerer seg på dette feltet i regionen.