Nå er vi endeleg klare for lanseringskonsert for årsporgrammet 2015 til Norsk Hardingfelesenter. Ordførar Olav Kasland er vertskap for konserten som skal gå føre seg i kommunestyresalen i Bø kommune. Der det heng eit kommunevåpen med tre hardingfeler på veggen. Hendinga skjer onsdag 14. januar 2015 kl 19.00.
Desse medverkar i programmet:
– Spelemannslaget Bøheringen
– Bø juniorspelemannslag og Bø musikkskule
– Bø museum v/ Asbjørn Storesund
– Folkemusikkarkivet Telemark v/Kari Lønnestad
– Ottar Kåsa, Johannens Sundsvalen og Torgeir Straand
– Helsingar frå ordførar, fylkeskultursjef og styreleiar.
Til Telemark overtok prosjektansvaret i september. Torgeir Straand har vore fagansvarleg for programmet og Anne Marte Sperre har vore prosjektleiar.
Nå gler dei seg til å endeleg dele programmet med alle gode samarbeidsaktørar som er med på laget.
– Det blir moro å endelig få tilbakemeldingar frå publikum. Hardingfela er en viktig del av Norges historie og ikkje minst Bø i Telemark si historie. Derfor er det bra å samle ein flott gjeng som skal være pådrivere for hardingfela og spelet, slik som vi har gjort nå. Som prosjektleiar har Norsk Hardingfelesenter gitt meg eit stort innblikk i hardingfela og dens betydning. Det finnes mange lokale heltar som verkelig er pådrivarar for fela og sit med enorm kunnskap om instrumentet. Det er så mange engasjerte lokalt, det er veldig morro og sjå, det er dei vi lager arrangement for. Og publikum betyr alt. Saman skal vi gi ein inspirasjon til å ta vare på den flotte tradisjonen vi har her i landet og passe på instrumentet og dens historie, seier Anne Marte Sperre, prosjektleder.