Nå er det endeleg klart for markedsdag under sauheraddagane og Norsk Hardingfelesenter er klare for sitt andre arrangement, nemlig Møllarguten på Gvarv!

Laurdag 7. mars 2015, Kl 12:00 og kl 13:00, Kjernehuset på Gvarv, Sauherad. GRATIS INNGANG.

Norsk Hardingfelsenter prensenterer eit program med felespel og forteljing om Myllarguten sine unge år i Sauherad.

Spelemann og bøhering Torgeir Straand og unge felespelarar frå m.a. Bø juniorspelemannslag spelar hardingfele og fortel om Myllarguten. Dei vil spela slåttar etter myllarguten som har blitt vidareført av mellom andre spelemannen Gunleik Kåsa på Gvarv og ikkje minst etter læremeister Johannes Sundsvalen.

Programmet passar for både dei yngste, dei, unge, dei middeladrande og dei gamle.

Har du lyst til å lære å spela: Kom og hør meir om korleis du kan bli felespelar!

Program for marknadsdag laurdag 7.mars, sauheraddagane 2015:

Kl 11.00   Opning ved ordførar Hans Sundsvalen.
Kl 11.15     Konsert med Norsjø Kammermusikkfest, Kjernehuset Gvarv, fri inngang.
Kl 12.00   Møllarguten på Gvarv, konsert med Norsk Hardingfelesenter, Kjernehuset Gvarv, fri inngang.
Kl 13.00   Møllarguten på Gvarv, konsert med Norsk Hardingfelesenter, Kjernehuset Gvarv, fri inngang.
Kl 13.55    Sauherad Musikkkorps spelar opp, utanfor kulturhuset
Kl 14.00   Foredrag med J.Rønningen om ”Gamalt og nytt sauheringsmål”, Kjernehuset Gvarv, fri inngang.
Kl 14.30   Auksjon med Aslak Gunnheim, Kornmagasintrappa. Eldre ting, antikvitetar, knivar, kubbestol, rosemåla bollar m.m. Gjer eit kupp!

Det er også i år rekord mange bodar og mykje god mat tilstade på marknadsdag i Gamlegata på Gvarv. Vel Møtt!