Norsk hardingfelesenter

Selskapet skal, med utgangspunkt i den sterke hardingfelehistoria i Bø, ha som sitt formål å løfte fram hardingfela, og forvalte og utvikle den levende tradisjonen som hardingfela representerer. Dette skal skje gjennom informasjon om og formidling av felemakarverksemda, instrumentet og spelet ovanfor ulike målgrupper lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Selskapet skal utøve si verksemd gjennom oppdragsavtaler med profesjonelle aktørar, og skal på den måten styrke grunnlaget for utøvarar og næringsaktørar som etablerer seg på dette feltet i regionen.

Norsk hardingfelesenter AS, 100% eigd av Bø kommune, blei stifta 25/2-2010. Etter initialfasen 2010-2012, blei det valt nytt styre våren 2013. Det nye styret har gjort avtale med Til Telemark AS ved Torgeir Straand for å realisere formålet til selskapet gjennom konsertar, temasamlingar, samt utgjeving av årbok med cd.

Norsk hardingfelesenter skal gjennomføre ein tretrinnsplan, 2015 er første driftsår etter Til Telemark sin plan. Til Telemark ser det som avgjerande å fyrst få til eit godt lokalt grunnlag. Program for 2015 viser at Norsk hardingfelesenter AS er eit levande senter.

Fase 1: Driftfase, Lokalt, 2015
Sjå historikk under fela.no> Sjå Program 2015
Fase 2: Driftfase, Nasjonalt, 2016
Som fase 1, nasjonalt fokus. Sjå Program 2016
Fase 3: Driftfase, Internasjonalt, 2017
Som fase 1 og 2. internasjonalt fokus. Sjå Program 2017

Organisert arbeid omkring hardingfela har skjedd i Bø sidan landets fyrste kappleik blei arrangert på Grivi i 1888. Dette blei etterfølgd av Spelemannskulen på Borgja, med Lars Fykerud, Halvor Flatland og Knut Dahle som betalte lærarar.  I 1934 blei Spelemannslaget Bøheringen stifta, for å møte konkurransen frå trekkspelet og drive vidare organisert opplæring. Bø kommunale musikkskule og stifting av Bø juniorspelemannslag i 1986 var tilpassa ei ny tid da hardingfela blei tilgjengeleg på ein ny måte. Bø museum ved Oterholt har ei kjempesamling av feler organisert under Telemark Museum og Folkemusikkarkivet Telemark held til i Gullbring Kulturanlegg og gjer opptak med hardingfele gjennom 100 år tilgjengelig og sikra.
Nytt nå er at kultur som næring er i ferd med å bli av dei store i landet. Da må hardingfela vera med også her.

Styret i Norsk Hardingfelesenter AS  har det overordna ansvaret, og ordføraren i Bø er generalforsamling i selskapet. Til Telemark AS vil stille ressursar til rådevelde for å planlegge, organisere og gjennomføre ulike aktivitetar i perioden 2015-2017 for å realisere formålet med Norsk hardingfelesenter AS gjennom et treårig prosjekt. Dette startar lokalt, da hardingfeletradisjonen alltid har vore lokalt forankra. Og eit hardingfelesenter blir der det til ei kvar tid er aktivitet rundt hardingfela som tilseier at det er eit knutepunkt i aktiviteten.

Bø kommune arbeider for å styrke og vidareutvikle den sterke hardingfeletradisjonen i Midt-Telemark. Kommunestyret har valt eit styre i Norsk hardingfelesenter AS i 2017 med styreleiar Asbjørn Botnen i spissen med Gunn Kristin Aasen Leikvoll og Hans Sundsvalen som styremedlemer. Alle har god erfaring frå organisert arbeid for hardingfelea, alle er politikarar med eit brennande engasjement for det lokale kulturlivet.

Vidareutvikling av Norsk hardingfelesenter AS er organisert slik:
Prosjektleiar Anne Marte Sperre Kaasa og fagansvarleg Torgeir Straand, alle frå Til Telemark AS. Else Børte fungerte som prosjektleiar da Anne Marte hadde permisjon august 2015 – februar 2016.

Det er  vidare avtaler med ei rekkje aktørar og arrangørar, lokalt, regionalt og internasjonalt.t har valt eit styre i Norsk hardingfelesenter AS med styreleiar Heidi Elise Heitun Kvale, nestleiar Ellen Schrumpf og styremedlem Kristin Kleppen, alle politikarar og medlemer av utval for kultur, idrett og miljø.

Vidareutvikling av Norsk hardingfelesenter AS er organisert slik:

Prosjektleiar Anne Marte Sperre Kaasa og fagansvarleg Torgeir Straand, alle frå Til Telemark AS. Else Børte fungerte som prosjektleiar da Anne Marte hadde permisjon august 2015 – februar 2016.

Det er  vidare avtaler med ei rekkje aktørar og arrangørar, i fyrste omgang lokalt og regionalt.