
NORSK HARDINGFELESENTER
I SAMARBEID MED FJELLROSA SPEL- OG DANSARLAG PRESENTERER
20 000 kroner som 1. premie i hardingfelekappleiken!
HARDINGFELEHELG PÅ BELLMANN OG BRATTREIN HOTELL
20.-22. februar 2015, Brattrein hotell, Notodden
Norsk hardingfelesenter ønsker å samle hardingfeleentusiastar frå heile Telemark og Noreg. Ope hus heile helga. Billettar kjøpast i døra. Det gjeld å vere tidleg ute. Det blir konsert på Bellmann folkemusikkpub, konsert spela på feler laga av nålevande felemakarar og mykje meir. Me skal også arrangere hardingfelekappleiken 2015 på Brattrein hotell med 20 000 kroner som 1. premie.
Dette er ei helg for deg som er interessert i hardingfele, trykk på les meir for detaljert program og praktisk informasjon.

NORSK HARDINGFELESENTER
I SAMARBEID MED SKIRVEDALEN FJELLSTOVE PRESENTERER
«I TRADISJON FRÅ TINN»
26. februar 2015, klokka 20.00, Skirvedalen fjellstove, Tinn
Torgeir Straand og Tinndølan held konsert på Skirvedalen fjellstove på Hovinheia. Det er folkemusikkpub og gode skimoglegheiter. Skirvedalen fjellstove er drive av dei kjente dansarane Tom og Anita Løvli. Her vil vera gjestar frå USA. Konsertane på Skirvedalen fjellstove er kjent for svært triveleg atmosfære og god stemning med dans etter konserten.

NORSK HARDINGFELESENTER
I SAMARBEID MED SAUHERADDAGANE PRESENTERER
«MØLLARGUTEN» PÅ GVARV
Laurdag 7. mars 2015, klokka 12.00 og klokka 13.00, Kjernehuset på Gvarv, Sauherad. Gratis inngang.
Norsk hardingfelsenter prensenterer eit program med felespel og forteljing om Myllarguten sine unge år i Sauherad. Spelemann og bøhering Torgeir Straand og unge felespelarar frå mellom anna Bø juniorspelemannslag spelar hardingfele og fortel om Myllarguten.

NORSK HARDINGFELESENTER
I SAMARBEID MED EVJU BYGDETUN, NORSK KULTURRÅD OG ALMANKÅS AS PRESENTERER
SOGA OM SPELKVINNA KRISTIANE LUND
Sundag 19. april 2015, klokka 15.00, Evju bygdetun
Eit portrettprogram av Kristiane Lund, pioneren innan felespelet. Hallvard T. Bjørgum spelar og presenterer arkivopptak med Kristiane Lund. Johannes Sundsvalen spelar med unge felespelarar. Samtale med Arvid Sperrud, Nils Flatland og Ketil Straume. Dansarar i folkedrakter. Programleiar Torgeir Straand. Inngang 250,-.


NORSK HARDINGFELESENTER
I SAMARBEID MED SLÅTTEFESTIVALEN 12-14. JUNI PRESENTERER
KONSERT MED JAN BEITOHAUGEN GRANLI OG PER ANDERS BUEN GARNÅS
Fredag 12. juni 2015, klokka 19.00, Bergtun
Fredag blir det kulturkveld på Bergtun, saman med meisterspelemennene Jan Beitohaugen Granli frå Valdres og Per Anders Buen Garnås frå Telemark. Der vil dei danse seg oppover dalføra med Ingvill Marit Buen Garnås, og gi nokre smakebitar på godkarstykke

NORSK HARDINGFELESENTER
I SAMARBEID MED HEDDAL BYGDETUN PRESENTERER
SOGER OG TONAR PÅ TELEMARKSFELER
Onsdag 8. juli 2015 klokka 17:00, Heddal bygdetun
Heddal bygdetun startar opp ei arrangementrekke på bygdetunet 8. juli. Denne dagen er det den lokale folkemusikktradisjonen som er i fokus. Der skal me få ei flott oppvising av Knut Buen. Utstillingane er opne. Deriblant årets sommarutstilling, som tek for seg korleis beltestakken har endra seg. Fri inngang.

NORSK HARDINGFELESENTER
I SAMARBEID MED NOTODDEN BLUESFESTIVAL OG TELEMARK TECHNOLOGIES PRESENTERER
TINNEMANNEN OG LARS FYKERUD – MED BLÅ TONAR I SLÅTTANE
Fredag 31. juli 2015 klokka 12.00, Folk & Blues Stage, Notodden bluesfestival
Mattis Kleppen spelar hardingfeleslåttane på gitar i bluestradisjon. Spelemennene Ottar Kåsa, Torgeir Straand og unge lokale felespelarar framfører dei originale slåttane frå Notodden. Anna Gravir Klykken syng med blå tonar i folkemusikken saman med karane. Sjå meir informasjon og les historia på les meir.

NORSK HARDINGFELESENTER
I SAMARBEID MED TELEMARKFESTIVALEN 8. AUGUST 2015 PRESENTERER
HYLLESTKONSERT TARJEI ROMTVEIT
Laurdag 8. august 2015, klokka 16.00, Gullbring kulturanlegg, Bø i Telemark
Ein festkonsert til ære for Vinje-spelemannen Tarjei Romtveit som fyller 90 år 25. juli 2015. Frå scena vil det vere musikalske innslag og helsingar frå familie og vener. Trykk på les meir for fullstendig program med artistar.

NORSK HARDINGFELESENTER
I SAMARBEID MED DYRSKU`N PRESENTERER
UNG VIND I HISTORISK SUS
Ei stor mønstring av unge folkemusikarar og dansarar frå Telemark
Fredag 11. september 2015 klokka 17.00, Dyrskuplassen i Seljord
Me fyller secena med unge artisar frå Tusseleiken, Minituss, Bø juniorspelemannslag og Tinndølan. Sprekingar dansar halling, ungar kved og spelar fele. Godt kjente vaksne utøvarar i lag med dei unge – vidareføring av tradisjon i friske fråspark! Denne framsyninga må du få med deg, og du vil bli glad over å sjå korleis det står til med rekrutteringa. Programleiar er Torgeir Straand.
FRI INNGANG



NORSK HARDINGFELESENTER
I SAMARBEID MED SPELEMANNSLAGET BØHERINGEN, BØ DANSARRING, BØ JUNIORSPELEMANNSLAG OG BØ U.L PRESENTERER
BØKAPPLEIKEN 2015 6. og 7. NOVEMBER
Fire fele-arrangement på ei helg!
Fredag 6. november til sundag 8. november hyllar Norsk hardingfelesenter felemakarmeisteren Olaf G. Helland. Det heile startar med 140-årsjubileumsfest på Sandvin i Bø fredag klokka 20.00. Spelemennene Leif Rygg, Øyvind Vabø, Gunnar Stubseid, Tor Hoslemo, Mads Kuraas, Johannes Sundsvalen, Svein Olav Krontveit og Alf Tveit stiller med eigne Olaf G. Hellland-feler. Unge dansarar frå Gransherad bidreg. Det blir også stilt ut mange Olaf G. Helland-feler timen før konserten. Ta med din du også, om du har ei fin Olaf G. Helland-fele å vise fram. Etter konserten blir det lansering av praktbok om jubilanten. Den er skrive av Kjell Chr. Midgård. Laurdag 7. november klokka 12.00 startar programmet om felemakaren Olaf. G. Helland og hans virke som felemakar, ved forfattar Kjell Chr. Midgård, Torgeir Straand og andre spelemenn. Klokka 13.00 blir det Bø-kappleik, fylkeskappleik om kappspel og myllargutmedaljer i sølv og gull. Laurdag kveld blir det fest og dans. Påmeldingsfrist klokka 15.00 same dag. Dette kostar 150 kroner. Sundag 8. november er blir det spel på Helland-feler under gudstenesta i Bø kyrkje- Fyrste gong det blei spela hardingfele i Bø kyrkje var nettopp på ei fele laga av Olaf G. Helland, da ved Gjermund Haugen i 1950-åra. Det er spelemannslaget Bøheringen, Bø dansarring, Bø juniorspelemannslag og Bø ungdomslag som arrangerer konserten, boklanseringa og portrettprogrammet i samarbeid med Norsk hardingfelesenter.
|
Fredag 6. november klokka 20.00. Billett 250,-.
140-års heiderskonsert for Olaf G. Helland.
Ti spelemenn spelar på Helland-feler! Utstilling av arbeidet til Olaf. G. Helland.
Laurdag 7. november klokka 12.00. Billett 150,-.
Fylkeskappleik for Telemark klokka 13.00. Telemark ungdomslag set opp Myllargutmedlja i sølv og gull til kappspelet.
Klokka 12.00: Bildeforedrag om felemakar Olaf G. Helland. Klokka 13.00: Kappleik
Fest og dans laurdag kveld. Påmeldingsfrist klokka 15.00. Billett 150,-.