Programslepp 2016, klokka 16.00 29. januar

Norsk hardingfelesenter slepper programmet for 2016 i kommunestyresalen på kommunehuset i Bø klokka 16.00.

 

Konsert og folkemusikkpub på Pizzafjoset, klokka 20.00 29. januar

Fredag 29. januar klokka 20.00 ønskjer Norsk hardingfelesenter og Spelemannslaget Bøheringen vel møtt til ein forrykande hardingfele-konsert. Desse stiller med boge og fele på scena: Per Anders Buen Garnås, Gunn Kristin Leikvoll, Torgeir og Gudrun Straand, Johannes Sundsvalen og Spelemannslaget Bøheringen.

Konsertstart på Pizzafjoset klokka 20.00. Inngang: 200,-

Historisk reise i Felemakarkunst og slåttespel frå Telemark

Sundag 13.mars. Kl 15.00, Osasalen, OBA Voss

Program:
Kl. 15.00:  Utstilling av feler frå Helland /Steinkjønndalen generasjonar, historisk    forteljing om  ulike feler
Kl. 16.00:  Kjell Midtgård presenterar bokprosjektet: ”Olaf  G. Helland og felemakarkunsten i Telemark fram til 1960”
Kl. 17.00:  Spelemann, historie-kar og grunder Torgeir Straand: Slåttespel frå Telemark krydra med gode historiar

 

Ei unik oppleving du må få med!
Arr.: Voss spelemannslag / Ole Bullakademiet /Hardingfela.no

 

 

Juniorkonsert
Laurdag 12. mars, kl 13:00, Sauheraddagane
Nytt program med unge felespelarar i Kjernehuset i Gvarv laurdag 12. mars kl 13:00. Gunn Kristin Leikvoll og Gudrun Straand leiar programmet som er eit samarbeid mellom Sauherad kommuen og Norsk hardingfelesenter. Gratis Inngang. Her ser de blide frå fjorårets arrangement. Vel møtt!

Konsert og foredrag på Pakkbua

Tirsdag 15. mars 2015, klokka 19.00, Pakkbua, Bø Museum. Gratis inngang.

Bø Museum prensenterer eit program med Kjell Midtgaard, Ottar Kåsa, Johannes Sundsvalen, Trond Villa og Asbjørn Storesund.

Pris 100 kr,- inkl. kaffe/te og heimebakst

EVJU- OG LOKAL MYLLAGUTTRADISJON FRÅ NES OG SAUHERAD:

Med Knut Buen og Nils Flatland. Programleder Torgeir Straand.

SUNDAG 24. APRIL KL. 14.00, EVJU BYGDETUN

Kl 1400: Open utstilling og sal av rjomegraut og kaffimat
Kl 1500: Konsert i evjutradisjon

Hardingfelehelg på Brattrein hotell 20. og 21. mai i samarbeid med Fjellrosa spel- og dansarlag

Program Hardingfelehelg 20. – 21. mai

Tuddalsspel, Brattrein Bar
Fredag 20.mai, kl 20.00
Sted: Brattrein Bar
Pris inngang 200,-
Konserten blir holdt på Brattrein Bar i flotte nye lokaler med ein fantastisk utsikt.
Meir info, klikk her.

Hardingfela i fotografiet, utstilling av foto og spel
Laurdag 21. mai, kl 11.00
Sted: Brattrein Hotell
Pris inngang 150,-
Bli med på ei fantastisk fotoreise der fotograf Knut Utler og Balchen sine foto blir presentert.
Meir info, klikk her.

Hardingfelekappleik, Brattrein Hotell 
Laurdag 21. mai, kl 14.00
Sted: Brattrein Hotell

Konsert heddal stavkyrke, 2. juli

Hardingfele i Heddal stavkyrke torsdag den 2. juni kl 19.00.

Lokale slåttar, salmetonar med lokal og internasjonal symbolikk ein finn i stavkyrkja. Billettar i døra kr 200,- Vel møtt!

Notodden bluesfestival, 5. august

Hardingfele, folkelokk og blues til Gorm Syversen

Fredag 5.august, kl 13.00 på folk og blues stage , Notodden bluesfestival 2016
For tredje år på rad er det program på Folk & Blues Stage med folkemusikk under Notodden Bluesfestival. Som vanleg er arrangementet fredag under bluesen kl 13:00 i samarbeid med Norsk hardingfelesenter og Telemark Technologies. Programmet viser samanhengen mellom innovasjon i musikk og teknologi, som gjeld folkemusikk som blues.

Telemarkfestivalen, 20. august

«MUSIKALSK OG MEKANISK»

Laurdag kl 16.00

Asmund Buen startar opp sin Ford modell T, for å koma køyrande inn på scena i Gullbring laurdag kl 1600. Der vil han fortelja om bestefaren sin, Anders Buen, slik Asmund hugsar han. Anders Buen hadde fleire registrerte patentar, og var kontinuerleg på jakt etter god feletone, som spelemann og felemakar.
Asmund Buen sin store produksjon av mekaniske nyvinninger dei siste 10 åra gav mykje av inspirasjonen til å laga programmet Musikk og mekanikk. Me skal møte 90-åringe Gunhild Kinck. Og få innblikk i korleis ho og mannen hennar, Birger, innførte lydteknikken i vårt distrikt. Det blir gitt smakebitar frå videoarkivet hennar ved Harald Kinck. Harald Lønnestad demonstrerer manuell kroppsleg drive mekanisk felemakerimaskin. Spelemannslaget Bøheringen opnar programmet, det blir soger og spel på hardingfele. Vel møtt!

200-ÅRS HELLAND, 3. september

Den moderne hardingfelas far er 200 år og me skal heidre og feire han med ein lokalt kulturprogram. Erik Johnsen Helland var den moderne hardingfelas far. Dette blir markert nøyaktig på dagen 200 år etter fødselen, som var den 3. september 1816.
Norsk hardingfelesenter, Bø museum og fleire tilreisande spelemenn og felemakarar feirar gebursdagens hans med konsert og kåseri på Bø museum den 3. september 2016 kl 18:00. Me får høyre den mest kjente fela han laga, Kjempa frå 1864, nyrigga av Ottar Kåsa. Frå Hallingdal kjem Knut Myrann med E.J.Helland-fela etter Hans Fykerud som Knut hadde med heim frå USA. Asbjørn Storesund og Kjell Chr. Midtgaard har båe skrive om felemakaren i ulike høve, dei vil kåsere om felemakaren og felmakararbeidet hans. Det blir spel frå Ottar Kåsa, Torgeir Straand og Bø juniorspelemannslag.

Konsert og folkemusikkpub bellmann, 4. november

4. november er det folkemusikkpub og konsert med Ottar Kåsa og Lars-Ingar Meyer Fjeld. Ottar ble Norgesmester for fjerde gang på landskappleiken i sommer. Den tidligere eleven hans Lars-Ingar kom 1 poeng etter. Her er det sjans til å høre og oppleve hardingfela i en uhøytidelig og trivelig atmosfære, med 2 av landets beste spelemenn.

Dørene åpner 20.00, konsertstart 21.00. Fest, dans og moro etter det!

Pris: 200 kr(100 for studenter)

Arrangør: Fjellrosa spel og dansarlag og Norsk Hardingfelesenter

Bøkappleik, 11.-12. november

Fredag 11. november kl. 20.00. Bill. kr 200,-

Dei driv hardingfeleopplæring i Telemark i 2016:
Johannes Sundsvalen, Torunn Raftevold Rue, Ragnhild Knudsen,
Lars Ingar Meyer Fjeld, Lars Erik Øygarden, Eli Taugbøl, Gudrun Straand, Annika Westgård og Tone Anne Tveiten. Samspel med juniorar.
Arnhild Brennesvik dansar med eitt eller fleire følgje.

Laurdag 12. november kl. 12.00:
Knut Myrann med ny CD. Felespel og intervju om spelferder i Telemark i gjennom generasjonar i samtale med T. Straand.

13.00: Bøkappleiken
Påmeldingsfrist kl 15. Kr 150,-
Rabatt for juniorar: Kr 100,- for fyrste deltaking, så kr 50,- for kvar ny deltaking.
Juniorar betalar kr. 100,- for lagspel og lagdans.

Arr.: Sp.ml. Bøheringen, Bø dansarring, Bø jr.spelemannslag og Bø U.L.
Konserten i samarbeid med Norsk hardingfelesenter.