HARDINGFELEHELG PÅ BRATTREIN HOTELL, 16. og 17. juni 2017.
Hardingfelekappleiken laurdag kl 14:
Også i år er det kr 15.000,- som fyrstepremie i hardingfelekappleik på Brattrein Hotell, Notodden. Lars Ingar Meyer Fjeld (2015) og Torgeir Straand (2016) har vunne premien tidlegare. Premien er gitt av Sperre Group, Bilsenteret og Telemark Technologies. Det kjem felespelarar frå Hardanger, Valdres, Hallingdal og Telemark. Dette er ei fin oppkjøring til Landskappleiken. Deltakarane spelar tre slåttar kvar. Som i skihopp stryk dommarane den dårlegaste av dei tre slåttane. Dei to beste utøvarane spelar til slutt finalespel om kr 15.000,- Kappleiken er i Storsalen på Brattrein Hotell. Programleiar er Halvor Langåsdalen.
Kontaktperson: Torgeir Straand, tlf. 90657267
Knut Buen spelar og fortel felefolk på Tjønn i Tuddal
Tjønn-felemakarane i Tuddal er blant det viktigaste i den norske felemakartradisjonen. «Hans Johnsen & Søn» er eit kvalitetsmerkje innan felemakarkunst. Felemakarane John Tjønn, Gjermund Tjønn m. fl. blir omtalt . Spelemenn i familien, som Bergit Tjønn, Kunt Buen og Hauk Buen har alle gjort sitt til at Tjønn-felene er langskjente. Anund Roheim sine legendariske innspelingar frå NRK i 1950 er innspela på fele laga av John Tjønn. Knut Buen har lagt ut fleire døme på felemakeri og rosemåling av Tjønn på si Facebook-side.
Kontaktprson om programmet: Knut Buen, tlf. 975 77 647
Feleutstilling laurdag 12 – 14
Det blir utstilling av Tjønn-feler i samband med konserten, kl 12 – 14. Knut Buen, Hauk Buen, Kjell Midtgaard og Knyt Myrann m.fl stiller ut sine Tjønn-feler.
Det blir høve til å kjøpe lapskaus etter konserten. Har du ei Tjønn-fele? Ta ho med!
Kontaktperson: Torgeir Straand
Konsert og folkemusikkpub fredag kl 20
Lars Ingar Meyer Fjeld (hardingfele), Unni Boksasp (kveding, dans) og Sigbjørn Rua (dans, munnharpe) held konsert i Brattrein Bar. Dans og spel på puben etter konserten. Dørene opnar kl 18.
Kontaktperson om konserten: Sigbjørn Rua, tlf. 91693669
Kontaktperson om folkemusikkpub’en: T. Straand, tlf 90657267
Kurs for barn og unge i spel, danse og kveding, laurdag kl 10-14
Det blir arrangert kurs for barn og unge i spel, dans og kveding på Bok- og blueshuset kl 10 – 14 laurdag. Lærarar er Unni Boksasp (kveding), Sigbjørn Rua (dans), Gudrun Straand (hardingfele), Tone Anne Tveiten (hardingfele) og Lars Erik Øygarden (hardingfele).
Kontaktperson: Gudrun Straand, tlf. 909 97 415
Overnatting og mat
Dei som vil overnatte kan bestille rom heile helga på Brattrein Hotell. Hotellet serverer lapskaus og relevant mat mellom arrangementa. I Brattrein Bar kan du danse springar og gangar til hardingfele om kveldane.
Booking: Tlf 3501 2300
www.brattrein.no
Kontaktperson: Reidun Karlberg Sperre
Arrangørar av hardingfelehelga: Norsk hardingfelesenter og Fjellrosa spel-og danselag.
NORSK HARDINGFELESENTER
I SAMMARBEID MED BØ KOMMUNE PRESENTERER
LANSERING ÅRSPROGRAM 2017
27. mars 2017, klokka 18.00, kommunestyresalen, Bø i Telemark
2017-programmet er det tredje årsprogrammet i prosjektperioden der Til Telemark as er ansvarleg for drift og gjennomføring av aktivieteten i selskapet. I år har programmet internasjonal profil. I ein global samanheng ser ein verkeleg det spesielle ved den særnorske hardingfela som einaste av sitt slag i verda. Programmet inneheld som vanleg 12 konsertar, to temasamlingar og ei bokutgjeving. Det nye styret i norsk hardingfelesenter blir presentert: Asbjørn Botnen, styreleiar. Gunn Kristin Aasen Leikvoll, styremedlem. Hans Sundsvalen, styremedlem. Lanseringa skjer i forkant av ordinært kommunestyremøte. Bø kommune har tre hardingfeler i kommunevåpenet sitt.
NORSK HARDINGFELESENTER
I SAMARBEID MED SPELEMANNSLAGET BØHERINGEN PRESENTERER
KLEPPEN OG KÅSA
11. mars 2017, klokka 21.00, Bø Hotell
Resjemheia er ei utgjeving som i blanding av slåttemusikk og blues som har stått sterkt i Midt-Telemark sidan 70-talet.
Dans og spel etter konserten.
Inngang 200,-