Noko nytt for Hardingfela. Tidligare i haust da avtala mellom Norsk Hardingfelesenter og Til Telemark blei skrive, fant styret i Norsk Hardigfelesenter og Til Telemark fort ut kva ein ønskte å få til. Og mål skal vera målbare. I avtala stod oppskrifta: Norsk Hardingfelesenter skal arrangere 12 konsertar, 2 temasamlingar og ei årbok med CD.
På Notodden har Telemark Technologies, selskapet til Torgeir Straand, vore ein del av teknologieventyret. Notodden er på veg opp og dette er mykje på grunn av den flotte næringsparken, Telemark Teknologipark som samlar mange bedriftar i samme bransje. Og samarbeid er nøkkelen.
I næringslivet på Notodden har selskapa seg i mellom gitt kvarandre jobbar og samarbeidd på store prosjekter. Det er denne samarbeidsmodellen me nå dreg inn i ein kultursammenheng og på tvers av kommunegrenser. Me ønskjer å bidra og vere ein positiv pådrivar i kulturmiljøet. Me trur på at godt samarbeid fær ein til akkurat det ein ønskjer. Me har fått med oss mange flotte samarbeidspartnerar og er opne for mange fleire i framtida, seier ein entusiastisk Straand.
Kva kan ein gjere for å nå flest mulig med spelet til hardingfela? I vedtektene til Hardingfelesenteret står det at dei skal samarbeide med profesjonelle aktørar som etablerer seg på dette feltet i fylket. Med erfaring frå næringslivet leide Straand inn eigen prosjektleder, Anne Marte Sperre frå Telemark Technologies for å samle og leie prosjektet. Sammen starta hovud å jobbe. Og å samarbeide med stadig fleire aktørar.
Nå i første omgang i Midt-Telemark. Her er det utruleg mange feleentusiastar og det er så mye spennande lokal historie. Hardingfelesenteret har som mål om å nå nye og kjente fjes blant publikum og da kjem ein lenger med å samarbeide med eksisterende arrangement enn å lage 12 konserter åleine. Vi kan nå dobbelt så stort publikum, som vil gi hardingfela godt med oppmerksomheit. På sikt vil senteret vere ein naturleg stad å søke opp informasjon rundt hardingfela, opplæring, arrangement, historie, spelemenn osv. I tillegg så veit vi at fleire hovud sammen tenkjer betre enn eitt, seier Anne Marte Sperre.