Slåttefestivalen
Funksjon: Samarbeidspartnar
Slåttefestivalen blir arrangert kvart år i juni i Hjartdal kommune i Telemark. Festivalen ei god blanding av slåttetevling i form av ljåslått og læringsarena for kulturlandskap. På slåttefestivalen må det sjølvsagt også vera slåttar på hardingfele!
Les meir om slåttefestivalen http://www.slattefestivalen.no/
Notodden Bluesfestival
Funksjon: Samarbeidspartnar
Notodden Blues Festival (NBF) blei arrangert fyrste gong i 1988. NBF blei i 2007 utnemnt til knutepunktfestival for blues. Som fyrste og einaste knutepunktfestival i Telemark er dette både ei ære og eit ansvar. Som knutepunktfestival vil NBF ha eit overordna ansvar for å ivareta bluesmusikkens posisjon og framtid både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Før NBF si tid blei det arrangert gedigne kappleiksarrangement på Notodden.
Les meir om Notodden Bluesfestival http://bluesfest.no/
Evju Bygdetun
Funksjon: Samarbeidspartnar
Evju bygdetun Sauherad er eit levande og interessant bygdetun og museum i Midt-Telemark. Bygdetunet er svært aktivt og har mange besøkande i sommarmånadane.
Les meir om Evju Bygdetun http://www.evjutunet.no/
Norsk Eplefest
Funksjon: Samarbeidspartnar
Norsk Eplefest er eit nasjonalt arrangement med utgangspunkt i tettstaden Gvarv og fruktdistriktet rundt og promoterer norsk fruktproduksjon med ekstra fokus på lokal fruktproduksjon i Sauherad.
Les meir om Norsk Eplefest http://www.eplefest.no/
Telemark Technologies
Funksjon: Samarbeidspartnar
I 2014 samarbeidde teknologiselskapet om å arrangere eit 100-årsjubileum for Norges mestvinnande hardingfelespelar Gjermund Haugen frå Notodden på Folk og Blues Stage. Så sponsa selskapet Telemarkfestivalen same år. I 2015 blir det nok ein spanande konsert.
Les meir om Telemark Technologies http://telemarktechnologies.no/
Telemarkfestivalen
Funksjon: Samarbeidspartnar
Telemarkfestivalen er ein internasjonal folkemusikkfestival som tar sikte på å presentere god musikk i et mangfold av sjangrar, og det å skape og formidle unike konsertopplevingar.
Les meir om Telemarkfestivalen http://telemarkfestivalen.no/
Bø museum
Funksjon: Samarbeidspartnar
Bø museum ligg i vakre omgjevnadar på Oterholt, tre kilometer frå Bø sentrum. Ein dag på Bø museum byr på både natur- og kulturopplevingar. Oterholt var den fyrste handelsstaden og bygdesenteret i Bø, og ligg ved brua som kryssar Bøelva på veg mot Liheia. Deira fantastiske feleutstilling må sjåast!
Les meir om Bø museum http://telemarkmuseum.no/museum/b%C3%B8-museum
Spelemannslaget Bøheringen
Funksjon: Samarbeidspartnar
Spelemannslaget Bøheringen blei stifta i 1934 og er eit lag sett saman av lokale spelemenn. Dei er viktige for NHFS både når det gjeld forankring i lokalt og det faglege innan felespel. Dei skal i samarbeid med NHFS og Til Telemark gjennomføre opningskonserten den 14.01.2015.
Sauheraddagane
Funksjon: Samarbeidspartnar
Sauheraddagane er ein folkefest for lokale folk som bur i Sauherad og nabokommunane. Det er mykje aktivitet. Dei har mellom anna titals salgsboder og teaterunderhalding. Nå blir det også hardingfele!
Les meir om Sauheraddagane http://www.sauherad.kommune.no/.
Spelemann Per Anders Buen Garnås
Funksjon: Kunstnarisk/fagleg
Per Anders er profesjonell storspelemann og noregsmeister på hardingfele. Han har hatt ei rekkje konsertar, åleine og saman med andre solistar og utøvarar på dei fleste folkemusikkscener i landet. Hans erfaring kunstnerisk og som spelemann er viktig for NHFS, for å lykkast med programmet for 2015.
Les meir om spelemann Per Anders http://www.peranders.no/#/
Torgeir Straand, Til Telemark AS
Funksjon: Samarbeidspartnar
Til Telemark er en del av konsernet Telemark Technologies og har eit stort nettverk innan kultur og teknologi, vidare er det ein arrangør innan allslags arrangement. Torgeir er fagansvarleg for program 2015 og 2016 for NHFS.
Les meir om Til Telemark http://tiltelemark.com/
Spelemann og felemakar Ottar Kåsa
Funksjon: Kunstnarisk/fagleg
Ottar Kåsa, norsk hardingfelespelemann og felemakar frå Arabygdi i Vinje, utdanna felemakar frå Ole Bull Akademiet med felemakar Sigvald Rørlien som læremeister. Ottar er ein annerkjent spelemann, med kongepokal og på toppen i klasse A, spel hardingfele.
Les meir om Ottar https://www.felemakar.com/
Sentrumsringen i Bø
Funksjon: Samarbeidspartnar
Sentrumsringen i Bø er ein organisasjon som sørger for liv på Bø torg og handel i sentrum. Vidare arrangerer dei tre store marknadsdager i Bø.
Les meir om Sentrumsringen https://www.facebook.com/Sentrumsringen
Fjellrosa spel- og dansarlag
Funksjon: Samarbeidspartnar
Laget blei stifta på 1930-talet, og er den lokale drivkrafta i lagssamanheng når det gjeld spel og dans på Notodden. Folkemusikkpuben på Bellmann har vore ein stor suksess dei siste åra. Nå blir konseptet utvida til ei heil hardingfelehelg!
Folkemusikkarkivet i Telemark
Funksjon: Samarbeidspartnar
Sidan 1980-talet har det blitt drive målretta innsamling av folkemusikk i Telemark. Hovudoppgåvene er å ta vare på dei rike folkemusikktradisjonane i fylket og å arbeide for at folkemusikken også i framtida skal vera ei levande kulturytring. Folkemusikkarkivet i Telemark er oppretta av Telemark fylkeskommune. Drifta er lagt til Telemark kulturnettverk, og arkivet har lokale i Gullbring kulturanlegg i Bø.
Les meir om Folkemusikkarkivet i Telemark http://folkemusikkarkivet.net/telemark/
Bøker i Bø
Funksjon: Samarbeidspartnar
Bøker i Bø er ein liten og kompakt festival med fokus på dei beste tekstane, dei beste bøkene og dei beste forfattarane! Festivalen har altså ikkje eitt tema, det er den enkelte forfattarskapen eller den enkelte teksten eller boka som er i fokus. Og nå med hardingfele i litteraturen!
Les meir om Bøker i Bø http://www.bokeribo.no/
Skirvedalen fjellstove
Funksjon: Samarbeidspartnar
Denne trivelege fjellstova på Hovinheia blir drive av Tom og Anita Løvli. Ta med ski og fele og opplev dette!
Bø juniorspelemannslag
Funksjon: Samarbeidspartnar
Bø juniorspelemannslag blei stifta i 1986 i regi av Heidi Løvlund. Laget har ei aktiv foreldregruppe som lagar sosiale rammer og øvingskveldar rundt det dei unge lærer i Bø musikksule av felelærar Johannes Sundsvalen. Laget arrangerer Sjokoladekappleiken for unge utøvarar kvar november.
Dyrsku’n
Funksjon: Samarbeidspartnar
I snart 150 år har folkefesten, handels- og landbruksmessa og fesjå Dyrsku´n samla rundt 90 000 menneske frå heile Sør-Noreg.
Gjennom året arrangerer Dyrsku’n arrangement tre større messer, der handels- og landbruksmessa Dyrsku’n tronar som den absolutt største. I tillegg har dei eit produksjonskjøken som leverer mat til kommunens institusjonar, privat catering og selskap på Dyrskuplassen.
Norsk Industriarbeidermuseum – Heddal bygdetun
Funksjon: Samarbeidspartnar
På Heddal bygdetun kan du sjå korleis bonde og husmann levde i tida kring 1800. Rosemålaren Olav Hansson måla uppstugo i Rambergstugo i 1784, og rommet er eit imponerande syn også i dag. Om sommaren har museet opent kvar dag og det blir halde fleire konsertar og arrangement. Bygdetunet er ein del av stavkyrkjeområdet i Heddal der ein også finn kulturstigen «Ein stig i tid». Les meir om Heddal bygdetun: http://www.heddalbygdetun.no/