Felespelet

I musikkskulen og i juniorspelemannslag vidareførast speltradisjonen.

I dag blømer det rundt hardingfela og fleire unge vil lære seg å spele hardingfele. I 2013 vann Bø-bandet Unik 4 Melodi Grand Prix Junior. Desse blei fort forbilde for unge i dag og det merkast på rekrutteringa i hardingfelemiljøet i Bø og Sauherad. Det er viktig for unge å ha gode ideal i spel. Me ønskjer at fleire skal ta del i hardingfelas tradisjon og bli med på kappleikar og utøve spel på hardingfele i alle samanhengar.

I dag reiser me på konsertar for å gjenoppleve alle mesterverk i slåttespel som vart laga før me vart fødd. I dag blir slåttane brukt til inspirasjon blant spelemenn som lagar nye slåttar og nytolkar gamle slåttar. Knut Buen et eit døme på ein spelemann som lever i dag som har blitt ein nasjonal stor spelemann med sine eigne slåttar.

Musikkskulen til Bø kommune og juniorspelemannslag med ei aktiv foreldregruppe har vore ein suksessfaktor for rekruttering i til hardingfelespelet i vår tid. Slik blir tradisjonen tilgjengeleg for alle.

Historie

Vidareføringa av felespelet etter Gibøen og Myllarguten, av Asbjørn Storesund

«Gibøen og Myllarguten hadde ført slåttespelet i Telemark til topps. Ønsket om å ta vare på deira spel da dei var borte kring 1870, gjorde at mykje av slåttetradisjonen blei konservativ. Hardingfelespelet hadde fram mot 1900 stadig ei viktig rolle i kvardag og fest. Mange av spelemennene sist på 1800-talet var svært gode utøvarar, og dei skapte ein rik musikktradisjon. Spelet etter Gibøen blei tatt vare på av Knut Dale, som gav slåttane vidare uendra. Torkjell Haugerud og særleg sønesønane Johannes og Gunnar Dahle førde dette spelet fram gjennom første del av 1900-talet. Ei anna kjelde til Gibøens spel var sonen hans, Kjetil Håvardson. Frå han gjekk dette spelet til Høye Kvåle (1879–1967) og Eivind Mo (1904–1995).

Myllargutens spel blei særleg vidareført av Olav Napper (1833–1920) frå Fyresdal og Hans Flatland d.y. (1846–1916) frå Bø. Dei hadde begge lært direkte av Myllaren, men begge utvandra til Amerika rundt 1870. Bøheringen Halvor Flatland (1853–1929), bror av Hans, blei hovudkjelde til det som i dag er rekna som det mest utbygde myllarspelet.  Dette teknisk kompliserte spelet blei ført vidare på 1900-talet særleg av spelemenn i Midt-Telemark – Torkjell Haugerud i Bø, Olav Evju (1898–1989) i Nesherad og fleire. Også i Øvre Telemark var det verdifull speltradisjon etter Myllarguten. Dette viser det store kunstnariske mangfaldet han representerte.

Samla sett kom Telemark etter kvart til å stå i fremste rekke når det gjaldt hardingfelespelet i Noreg. Men slåttemusikken i Telemark hadde knapt fått så godt omdøme om det ikkje samstundes hadde kome ei fornying i musikken sjølv. Og den kom alt i 1880-åra og fell saman med konserttida i norsk folkemusikk.

Lars Fykerud og konserttida

Lars Fykerud (1860–1902) kom til å få avgjerande innverknad på hardingfelespelet i Telemark. Han var ein av dei beste spelemennene i si tid, og han bygde ut slåttane etter eigen fri fantasi utan å kjenne seg bunden av dei han lærte av. Dei beste slåttane etter Fykerud bygger på tonaliteten og ornamentikken i kveding og fløytespel og har ein indre varme, ein slags sår sjelsdjubde, som skil fykerudspelet frå alt anna hardingfelespel. Dette spelet levde vidare gjennom Svein Løndal og sønene hans i Tuddal, Halvor og Gunnulf Borgen i Bø, og fleire. Dei som opplevde Lars Fykerud på sitt beste såg han som ein Ole Bull på hardingfele. Rett nok hadde han ikkje på nokon måte Ole Bulls dimensjonar som personlegdom og inspirator for det tidlege kulturlivet i Noreg. Men som musikar, utøvar og komponist fekk Fykerud ei meir varig rolle innan telespelet enn Bull fekk i norsk musikk. Likevel blei det stor usemje blant spelemennene i desse åra mellom dei som ville halde fram i leia etter Myllarguten og Gibøen, og dei som hadde Lars Fykerud som ideal.

Lars Fykerud trådde fram i 1880-åra, da spelemennene tok til å bli ettertrakta på konsertscenene i byane. Men den gamle speltradisjonen etter Myllarguten måtte tilpassast. Hans Fykerud (1862–1942), bror av Lars, og Leiv Sandsdalen var tidleg ute. Etter ei konsertreise i Amerika i 1890-åra kom Lars Fykerud heim alvorleg sjuk, og han var da bare ein skugge av seg sjølv. Interessa for konsertspelemennene på hardingfele gjekk ned etter 1905, og skiljet mellom bymusikk og bygdemusikk i Noreg heldt seg på 1900-talet.

Folkemusikken i Telemark på 1900-talet                            

På slutten av 1800-talet var hardingfelespelet på vikande front, og spelemennene måtte gradvis leggje inn vals og reinlender i repertoaret.  Det gamle slåttespelet blei redda gjennom kappleiksystemet. Etter starten i Bø i 1888 og 1892 arrangerte Telemark Ungdomslag årlege kappleikar frå 1898. Dette blei rekna som telemarksmeisterskap i felespel. Da Landslaget for spelemenn i 1923 tok til med landskappleikar, blei det å kome høgt opp på premielistene ei drivkraft for spelemennene til å halde eit høgt kvalitetsnivå.  Ei lang rekkje spelemenn i norsk toppklasse stod fram i Telemark gjennom heile 1900-talet, delvis på grunn av kappleiksystemet. Etter kvart blei det også tevla i kappdans og kveding. Kappleikane fekk mykje å seie for folkemusikken, men samstundes har systemet ført til at hardingfelespelemennene i Telemark har prioritert storslåttane frå Bø, Seljord og Tuddal, mens dei mindre slåttane, danseslåttane, blei lagt til side og nok i verste fall gløymde.

Men nye utfordringar melde seg. I samband med utbygging av vegar og jernbane i 1920-åra kom arbeidsfolk med trekkspel til Telemark. Trekkspelet hadde kraftigare tone enn hardingfela og blei populært blant ungdomen. Nye danserytmar kom frå Amerika på grammofonplater og med heimvende norskamerikanarar. Hardingfelespelemennene reagerte med å danne spelemannslag, først i Tinn i 1912, så i Vestfjorddalen i 1928, på Notodden i 1931 og i Bø i 1934, og seinare fleire stader. Samspel på hardingfele var det ikkje tradisjon for, men fleire feler i unisont samspel kunne stå seg i styrke mot trekkspelet. Den første tida var spelemannslaga ei slags «fagforeining» for spelemenn, men etter kvart fekk desse laga andre oppgåver, særlig i opplæring og rekruttering.

I hovudsak kan ein seie at utviklinga av folkemusikken i Telemark hadde sterke konservative drag fram til om lag 1970. Dyrking av dei gamle meisterspelemennene stod i fokus. Grammofonplater med hardingfelespel kom i Telemark alt frå rundt 1910. 78-plater av Gunnulf Borgen, Kristiane Lund, Torkjell Haugerud, Eilev Smedal, Gjermund Haugen og fleire var i flittig bruk i mange heimar. Sjølv om spelemannskulturen tradisjonelt var sterkt mannsdominert, var fleire kvinner i Telemark med i fremste rekkje alt i første del av 1900-talet. Det var særleg Kristiane Lund i Bø og Signe Flatin og Torbjørg Ås Gravalid i Seljord, som ved fleire høve tukta dei beste mannlege felespelarane på kappleikane.

Rundt 1910 gjorde Rikard Berge opptak med folkemusikarar i Telemark på fonograf, med voksrullar. På desse rullane finst  bortimot 100 slåttar med Knut Dale. I starten av 1930-åra kom folkemusikkhalvtimen i NRK i gang under leiing av Eivind Groven. Både vokal og instrumental folkemusikk kom da inn i dei tusen heimane gjennom radio. Telemarksmusikken var tidleg sterkt representert her og mykje verdifullt melodistoff blei arkivert. Tidleg på 1950-talet tok Rolf Myklebust over folkemusikkhalvtimen i NRK, etter Eivind Groven. Telemark fekk etter kvart eit stempel som eit høgstatusområde. Men folkemusikkhalvtimen kom også til å avspegle motsetnaden i musikksmaken mellom by og land i Noreg, og NRK fekk negative reaksjonar frå folk som ikkje hadde sans for å bli utsett for folkemusikk i si eiga stove. Også etter krigen var folkemusikkprogramma i radio eit «urbant hatobjekt».

Oppskriving av telemarkslåttar på notar i moderne forstand tok til med Johan Halvorsens oppskrifter etter Knut Dale i 1901. I 1911 kom Arne Bjørndal til Telemark, og han skreiv opp slåttar etter spelemenn i Bø og Seljord. I dag ligg verket Norsk Folkemusikk. Hardingfeleslåttar føre i sju band. Av 2 000 oppskrifter er om lag 730 frå telemarkskjelder. I tillegg til Bjørndal gjorde Truls Ørpen, Eivind Groven og Sven Nyhus oppskrifter.

Åra etter 1970 blei på mange måtar ei ny tid for norsk folkemusikk, også i Telemark, med mange nye trekk. Arrangert folkemusikk kom, der hardingfele og tradisjonell visesong blei sett saman med andre instrument for å skape nye klangar og samtidig opne folkemusikken for eit breiare publikum. Den tradisjonelle opplæringa blei erstatta med kurs. Folkemusikkopplæringa i Telemark blei driven av Telemark fylkeskommune i 1970-åra, der spelemenn fekk betaling for å lære opp yngre. Etter kvart tok ordninga med kommunale musikkskular over denne oppgåva. I dag er det minst like mange jenter som gutar som spelar fele. For å skape eit miljø rundt hardingfele, kom det i stand lokale juniorspelemannslag, som var betre tilpassa ungdomen enn dei eldre spelemannslaga.

På siste del av 1900-talet blei det etablert fleire institusjonar for å stø folkemusikken i Telemark. Haugerud-fondet kom i 1966. Det har satt fokus på einarane i telemarksmusikken. Knut Buen opna Buen kulturverkstad heime i Tuddal og har gjennom åra lagt ned eit stort arbeid for å få gitt ut bøker og gamle lydopptak om og med eldre folkemusikkutøvarar, i tillegg til eigne produksjonar. I 1987 kom det i gang ei eiga folkemusikkutdanning ved Akademiet i Rauland, som i dag er knytt til Høgskolen i Telemark. Same året kom Folkemusikkarkivet i Telemark i gang som eit samarbeid mellom Telemark fylkeskommune og Telemark musikkråd. Her er eit stort lydmateriale innsamla, kopiert og registrert til bruk for interesserte. I 1990-åra kom Telemarkfestivalen i Bø, der ein har satsa på å få fram både norsk og internasjonal folkemusikk saman med nyskaping.

Sjølv om det har vore satsa mykje dei seinare åra på å få fram folkemusikken i Telemark, har rekrutteringa gått i bølgjer. Telemark har framleis nokre av dei beste spelemennene og kvedarane i Noreg, men spelemannslaga og dansarlaga i fylket har problem med å skape stabile lokalmiljø av tilstrekkeleg tyngde, for å kunne takle dei utfordringer som finst for å sikre vidare vekst og utvikling av denne viktige delen av kulturarven i Telemark.»

Tekst er frå Hardingfelemusikken i Telemark gjennom 200 år
Utdrag av Asbjørn Storesund: Todelt musikkliv – bygdemusikk og bymusikk, I. Telemark historie 2. Fagbokforlaget 2014