Telemarkfestivalen og Norsk Hardingfelesenter inviterer Vinje-spelemannen Tarjei Romtveit, spelemannsvener og alle andre til konsert i Bø.

Spelemann og eldsjel for folkemusikken, Tarjei Romtveit, fyller 90 år den 25. juli 2015. Dette ønskjer Telemarkfestivalen og Norsk Hardingfelesenter å markere med ein eigen hyllestkonsert i Storsalen i Gullbring kulturanlegg laurdag 8. august som ein del av programmet til Telemarkfestivalen.

PROGRAM FOR TARJEI ROMTVEIT – LAURDAG 8. AUGUST KL 16.00

Programmet vil innehalde musikalske innslag og helsingar til Tarjei.
– Spelemannslaga Bøheringen, Falkeriset, Seljord og Tinn Spelemannslag.
– Arne Vinje – ordførar i Vinje kommune
– Øystein Romtveit, Hill Romtveit og Trygve K. Vågen frå familien
– Tor Hoslemo spelar i tradisjon etter spelemannsvenen Olav Heggland frå Setesdal
– Per Anders Buen Garnås, Ottar Kåsa og Torgeir Straand, spelemenn frå Telemark
– Knut Hamre frå Hardanger
– Jan Beitohaugen Granli frå Valdres
– Fleire generasjonar Tarjei har spela inn i folkemusikken: Myllargjengen, Småmyllarane og Minimyllarane fyller scena, leia av Ellen B. Nordstoga
Programleiar er Torgeir Straand.

Inngang: Prisar kjem.

Spelemann og eldsjel for folkemusikken

Tarjei har arbeidd heile livet for å vidareføre hardingfeletradisjonen, som låg nede i Vinje da Tarjei tok fatt på sitt livsverk. Han har stått i spissen for Vinje Spelemannslag i ein mannsalder og bidrege sterkt til at Vinje som stad er blitt landskjent for spel, dans og kveding og ein levande tradisjon. Tarjei har alltid sagt ja til å spela til dans, noko han er landskjent for. Han har vunne klasse B på landskappleik, og er dokumentert med gode innspelingar og CD-utgjeving. Gjennom tallause kurs i samarbeid med fleire spelemannslag har han gledd seg over å vidareføre hardingfelespelet, og gjort det som for han sjølv var vanskeleg tilgjengeleg mogleg for dei neste generasjonane å lære seg. Og då ferske spelemenn skulle vera med på kappleik harTarjei prioritert å stå tidleg opp om morgonen for å stemme feler og gi tryggleik til dei unge. Som forteljar og humørkule med alltid hyggeleg framferd er han eit førebilete. Ein audmjuk Romtveit ønskjer å dele denne konserten med alle andre framfor å sjølv vera midtpunkt.

Sjå resten av Telemarkfestivalen og billettinformasjon på linken under:

http://telemarkfestivalen.no/hyllestkonsert-til-tarjei-romtveit/