Eit nytt program er klart og i år stiller Norsk Hardingfelesenter opp på Telemarkfestivalen med programmet Musikalsk og mekanisk.

«MUSIKALSK OG MEKANISK»
LAURDAG 20. AUGUST 2016
STORSALEN I GULLBRING, KL. 16:00
285,- + BILL.AVG.

Årets Roheim-parade endar opp i Gullbring med programmet «musikalsk og mekanisk». Programmet er ein presentasjon av morosame og imponerande mekaniske patentar, som er relatert til spelemenn og felemakarar. På scenen blir det presentert underlege mekaniske innretningar kombinert med lysbilder og film. Felemakarane Eivind Ralle, Anders Buen, O.G. Løvskeid og Dyre Vaa er blant dei som blir omtalt. Og originale mekaniske innretningar som skuteren Bamse til Jørgen Tjønnstaul, mørtelblandaren funne opp av Alfred Amundsen, høytørka bygd av Anders Buen, klokker og våpen laga av O. K. Venaas og mykje meir gjer at programmet skal bli både morosamt og mekanisk spennande. Flåklypa synest å ha sine lokale variantar innan folkemusikken, når det gjeld persongalleri, kreativitet og skaparglede.

Spelemannslaget Bøheringen opnar programmet. Så kjem det slåttar med soger om lokale spelemenn og diverse mekanikk. Det blir intervju med leiar i Spelelmannslaget Bøheringen, Harald Lønnestad. Han er Scania-ekspert av yrke, og fleire av forfedrane hans er kjent for felebygging og finmekanikk, som til dømes å byggje urverk i tre. Og det er på tide å få ein bil inn på scena i Gullbring. Mekanisk konstruktør Asmund Buen frå Jondalen fortel om bestefaren Anders Buen, som hadde ei rekkje registrerte patentar. Og fela var som regel med. Birger og Gunhild Kinck har lagt ned eit livsverk i å rigge teknikk for å formidle lyd og gjera opptak av kulturarrangement, og me viser smakebitar frå dette arkivet med utøvarar mange vil setja pris på å sjå att.

Vel møtt til deg som er interessert i lokal humor, mekaniske innretningar og veterankjøretøy og spel på hardingfele!