Norsk Hardingfelesenter skal levere eit stort og bredt program for 2015. 2015 blir hardingfela sitt år for Til Telemark.

“Tolv konsertar på tolv månader er fyrste steg i tretrinnsraketten som skal få fart på Norsk Hardingfelesenter. Ein plan som strekkjer seg over tre år”, skriv Bø Blad i sin artikkel om hardingfelesenteret 8. januar 2015.

Hardingfele finn ein både i næringslivet og i kulturlivet. Til Telemark har alltid ønskt å få meir fokus på spelet og instrumentet i seg sjølv. Istaden for å lage flotte innpakningar til eit unikt intsrument vil vi heller lage ein kultur for å arrangere konsertar saman med andre profesjonelle og/eller lokale aktørar. Gjennom samarbeid skal Norsk Hardingfelesenter lykkast med å vere konsert- og arrangementsaktør på lik linje med festivaler og andre profesjonelle aktører. I eit felles løft for hardingfela.

Les meir om saka i Bø Blad sin artikkel. http://boblad.no/index.php?Id=1691

torgeir straand

Bilde er frå artikkelen i Bø Blad, 8. januar 2015.