Tradisjon og historie

Hardingfeletradisjonen i Bø i Telemark strekkjer seg langt attende i tid. Bø har vore eit hardingfelesenter innafor felemakarhandverk og utøving av slåttespel på hardingfele frå 1800-talet og fram til i dag.

Fleire titalls store spelemenn satte sitt preg på hardingfeletradisjonen på 1800- og 1900-talet. I Telemark vaks det opp store stjerner som Lars Fykerud og Myllarguten var to store heltar som vidareutvikla spel på hardingfele, også i konsertsamanheng. Såttane deira har frå den gong og fram til i dag blitt brukt i fleire store arrangement. Slåttane blir spela dagleg av mange kjende spelemenn rundt omkrig i Telemark og andre stader.

Dei eldste hardingfelespelemennene, av Asbjørn Storesund:

«Parallelt med musikklivet i byane fanst ein folkeleg musikk på landsbygda. I Telemark utvikla det seg langt tilbake ein særprega folkemusikk i dei øvre bygdene. Seljefløytespel i tradisjon frå Vest-Telemark er dokumentert av Eivind Groven. Langeleik var i bruk i Telemark på 1700- og 1800-talet både i dei øvre bygdene og i dei midtre ned til Lunde. Etter kvart blei langeleiken utkonkurrert av hardingfela, og rundt 1850 blei den rekna som gammaldags. Denne musikken på bygdene utvikla eit tonalt mangfald ulikt den europeiske kunstmusikken. Ein grunnleggjande skilnad er at skalaer med halv- og heiltonar frå kunstmusikken delvis ikkje eksisterte i bygdemusikken. Dette saman med rytmiske særdrag var grunnlaget for ulike oppfatningar av musikk i bygd og by i Telemark.

Ifølgje Eivind Groven bygde det eldste hardingfelespelet i Telemark truleg på ei samanbinding i rekkjer av enklare melodistoff frå vokalmusikk eller frå seljefløyte- og langeleikspel. På denne måten kunne særtrekk i tonalitet og rytmikk bli overført til hardingfela. Alt i dei eldste slåttane som vi reknar er frå 1700-talet, finn vi gangarar i 2/4 eller 6/8 takt og springarar i 3/4 som hovudrytme.Hardingfela kom til Telemark frå Hardanger, der Isak og Trond Botnen hadde stor produksjon på 1700-talet. Karl Rue (1742–1829) i Kviteseid og Olav Gullbekk (ca. 1755–1836) på Seljordsheia laga dei første felene i Telemark.

Hardingfelespel blir tradisjon

Etter krigen mot svenskane i åra før 1814 tok bygdemusikken seg raskt opp att. Den viktigaste spelemannen i Telemark dei første tiåra av 1800-talet var Knut Øysteinson Lurås (1782–1843) frå Tinn. Det skulle falle på Knut Lurås å føre teleslåttane ut av den gamle, korte forma. Han peika ut leia for Myllarguten og andre som kom etter han. Knut Lurås lærte først av eldre spelemenn i Tinn, særleg av Hølje Leikandrud, Knut Brynjulfson (1771–1863) og Øystein Bokko (f. ca. 1775). Knut Lurås var den første av spelemennene i Telemark som tok til med å reise utanfor fylket for å lære slåttar av spelemenn i andre distrikt. Dette kom til å bli umåteleg viktig for utviklinga av slåttespelet i Telemark.  Såleis lærte Knut Lurås av Jørn Hilme (1778–1854) i Valdres, som var særleg god på springarar. Hilme var den som for alvor bygde ut denne slåttetypen, slik at slåttane blei lengre og meir teknisk kompliserte. Slåttane hans, dei såkalla Jørnrengjene, blei formskapande ikkje bare i Valdres, men òg på Vestlandet og i Telemark gjennom Knut Lurås.

På Voss trefte Knut Lurås den største utøvaren vestpå, Nils Olson Rekve (1777–1846). Knut blei svært imponert over gangarane hans, og mange av desse førte han over i «telemarkisert» form. Knut Lurås hadde to brør, og alle tre hadde store kunstnarlege evner. Som rosemålarar reiste dei mykje rundt og måla. Øystein (1775–1832) var òg spelemann, men kom ikkje opp mot Knut. Han var ikkje så dristig og nyskapande i utforminga. Thomas Lurås (1799–1880) var den beste rosemålaren av dei tre og ein av dei fremste som har vore i Telemark. Han spela ikkje hardingfele, men klarinett. Det Knut Lurås hadde å seie for hardingfelespelet i Telemark, kan ikkje overvurderast.

Den andre store stilskaparen på hardingfele først på 1800-talet var Øystein Olavson Langedrag (1786–1848) frå Seljord. Han var truleg like god hardingfelespelar som Knut Lurås. Dei to spela saman og kunne mange av dei same slåttane. Øystein Langedrag var meir tradisjonsbunden enn Knut Lurås, og han var sentral som arvtakar av spelet etter 1700-talsspelemennene i Telemark, etter Kristianson og Grjotnes og etter Jon Kjos, som før nevnt. Men Rikard Berge meiner Langedragen ikkje hadde det vengefang som Knut Lurås hadde. Han hadde heller ikkje evna hans til å skape nytt på gammal grunn. Men det var Øystein Langedrag som førte bruremarsjar inn i telespelet. Der var han nyskapande. Under militærtenesta i krigen mot svenskane i krigsåra 1807 – 1812 lærte han seg å spele etter notar på fiolin og klarinett.»

Gibøspel  og myllarspel

«Eivind Groven meinte hardingfelespelet i Telemark kunne delast i to hovudliner. Den eine tok til med Knut Lurås, så frå han til Håvard Gibøen og vidare til Knut Dale i Tinn. Den andre starta med Øystein Langedrag, så frå han til Myllarguten og vidare til Leiv Sandsdalen i Seljord og Flatland-spelemennene i Bø. Eit av hovudelementa i denne inndelinga var tonaliteten i spelet. Groven kalla tonaliteten i det gamle spelet for naturskala. Utover på 1800-talet fekk klassisk temperert skala, slik vi finn i europeisk kunstmusikk, innpass.

Håvard Gibøen (1809-1873) blir saman med Myllarguten rekna for Telemarks største spelemann i tiåra rundt midten av 1800-talet. Gibøen hadde stor slåttekunne og eit dåmrikt spel med komplisert fingerbruk, som ingen annan kunne måle seg med. Dette kom ikkje minst fram når han spela slåttar der fela var stemt på ulikt vis, noko  som skil hardingfela frå den vanlege fiolinen. Gibøen var fattig, alkoholisert og dugde ikkje til mykje anna enn å spele fele. Tidleg kom han i lære hos Knut Lurås og fekk det meste av spelet hans. Etter at Gibøen hadde forma ut ein slått i sin spelestil, heldt han truleg på denne i ei relativt fast, tradisjonell slåtteform. Difor var det mogleg å lære av han. Slåttane hans gjekk vidare til sonen Kjetil Håvardson og familien etter han og til andre vesttelemarkingar, men først og fremst til Knut Dale i Tinn.

Myllarguten  – Torgeir Augundson (1801–1872) – var heilt annleis enn Håvard Gibøen, sjølv om dei var nære vener. Det som skilte Myllarguten frå dei andre i samtida var at han samla i seg slåttevariantar frå mange kjelder, som han så kunne halde frå kvarandre, spele etter kvarandre og sette saman på stadig nye måtar. Han kunne imitere ikkje bare slåtteformene, men også spelemåten til dei han hadde lært av, noko som forbløffa Ole Bull og andre tilhøyrarar.

Myllarguten lærte kvar han kom. I myllarspelet er det meir innslag av temperert skala. Med avansert teknikk, særleg eineståande bogebruk, utvikla han dei korte slåttane i tradisjonell form til lange musikkstykke, som han stadig forandra. Dette gjorde at han var umogleg å lære av, bortsett frå for nokre svært få, som kunne ta slåttane hans nærast på direkten. Olav Napper (1833–1920) frå Fyresdal og Vesle-Hans Flatland (1846–1916) i Bø kunne truleg det, men dei fleste andre fekk bare med seg bitar av det Myllarguten spela.»

Tekst er frå Hardingfelemusikken i Telemark gjennom 200 år
Utdrag av Asbjørn Storesund: Todelt musikkliv – bygdemusikk og bymusikk, I. Telemark historie 2. Fagbokforlaget 2014

Meir tekst og bilder kjem.